Tuva Hansen () er ein norsk fotballspelar som spelar for Brann i Toppserien og for det norske landslaget.

Klubbkarriere Klepp og Arna-Bjørnar (2013–2014) Hansen byrja seniorkarrieren etter å ha kome til Klepp frå Bryne FK. Ho debuterte i Toppserien for Klepp i 2013. Ho spela for Arna-Bjørnar i 2014, då ho kom på lag med sin storesyster Hege Hansen.

Klepp (2015–2020) I november 2014 vart det kjent at både Tuva og systera Hege Hansen melde overgang tilbake til Klepp. I 2015 etablerte Tuva seg virkeleg som Toppserie-spelar, og ho vart nominert til Statoils Talentpris for 2015. Hun vaks fram som ein solid forsvarsspelar og vart etterkvart kaptein i klubben. I 2016 vart ho kåra til årets spelar i Klepp av Jærbladet og etter sesongen takka ho nei til eit kontraktstilbod frå LSK Kvinner. I 2018 var ho med å ta ein sterk andreplass og sølv i Toppserien med Klepp, etterfølgde av bronseplass i 2019.

Sandviken/Brann (2021– ) I november 2020 annonserte Sandviken at dei hadde signert Hansen og lagvenninna Elisabeth Terland frå Klepp. Hansen vart raskt ein leiar i laget og fekk kapteinsbindet i sin fyrste sesong i klubben. Sesongen vart ein stor opptur og 7. november 2021 sikra Sandviken seriegullet og sende samstundes den tidlegare klubben til Hansen Klepp ned i 1. divisjon i 8-0-sigeren. Ho vart av Sportskollektivet.no kåra til årets spelar i Toppserien same år.

Landslagskarriere Hansen har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og A-landslaget.

Hansen vart teken ut til det norske A-landslaget for fyrste gang i november 2016. Debuten fekk hun 19 år gammel i 0-3 tapet mot Spania under Algarve Cup i mars 2017.

Hansen vart teken ut i troppen til EM i Nederland 2017. Ho vart også teken ut i troppen til EM i England 2022.

Merittar Med Sandviken Toppserien: 2021

Med Brann Toppserien: 2022 Noregsmeisterskapen: 2022

Privatliv Hansen har saman med hunden sin Vilja fått mykje merksemd i sosiale medium. Per juni 2022 har dei over 1,1 millionar følgjarar på TikTok, og 138 000 på Instagram.

Hansen er dotter av tidlegare fotballspelar Hugo Hansen, og lillesyster til Cato Hansen og Hege Hansen som også har spela fotball på toppnivå. Tuva og Hege har også spela ein kamp saman på A-landslaget. Den fyrste kampen Tuva spela for landslaget, var også den siste Hege spela.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tuva Hansen» frå , den 8. november 2022.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Brann-spelarar Kategori:Jærbuar