Celin Bizet Dønnum () er ein norsk fotballspelar frå Frogner i Viken, som spelar for Manchester United og det norske landslaget.

Klubbkarriere Tidleg karriere Dønnum byrja å spele fotball for Frogner Idrettslag, før ho som 14-åring melde overgang til . Ho spela aldersbestemte kampar i klubben, i tillegg til ni kampar for A-laget i 2. divisjon under 2016-sesongen.

Vålerenga (2017–2021) Før 2017-sesongen signerte Dønnum for Vålerenga Kvinner. Berre 15 år gammal debuterte ho for Vålerenga i Toppserien. Ho vart raskt ein favoritt blant supportarane med sin leikande spelestil og teknikk. Ho var berre 16 år gammal da ho var på banen i sin fyrste cupfinale for Vålerenga mot Avaldsnes i 2017.

Sommaren 2019 var Dønnum på eit kort låneopphald i Grei i 1. divisjon, før ho returnerte til Vålerenga.

I 2020 var Dønnum med å vinne det fyrste serie- og cupgullet til Vålerenga. Ho vart nominert til årets gjennombrot i Toppserien same sesong. Blant supportarane til Vålerenga fekk ho kallenamnet «Cubafoten». Etter fire og eit halvt år i Vålerenga var ho sommaren 2021 klår for å ta det neste steget i karrieren.

Paris Saint-Germain (2021–2022) I juli 2021 signerte Bizet Dønnum for den regjerande franske seriemeisteren Paris Saint-Germain. Ho fekk lite speletid i sin fyrste sesong med berre seks seriekampar for Paris Saint-Germain.

Tottenham Hotspur (2022–2024) I august 2022 vart det kjent at Bizet Dønnum hadde signert for Tottenham Hotspur i engelske Women's Super League.

Manchester United (2024–) I september 2024 signerte Bizet Dønnum for Manchester United.

Landslagskarriere Bizet Dønnum har kampar for J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Bizet Dønnum spela i U19 EM i Skottland 2019.

Bizet Dønnum debuterte for det norske A-landslaget i november 2021 mot Armenia, i same kamp scora ho sitt fyrste A-landslagsmål. Ho hadde eit imponerqnde målsnitt på landslaget med fire scoringar, i løpet av 322 minutter fordelt på sine fem fyrste landskampar. Ho vart teken ut i den norske landslagstroppen til EM i England 2022.

Merittar Med Vålerenga Toppserien: 2020 Noregsmeisterskapen: 2020

Privatliv Bizet Dønnum har cubansk mor og faren hennar er tidlegare -spelar Kjell Gunnar Ildhusøy.

Bizet Dønnum er saman med fotballspelaren Aron Dønnum, og under ein fotballkamp fridde Dønnum til Ildhusøy. Ho sa ja, og paret vart trulova. I juni 2025 gifta paret seg i Varenna i Italia. Ho endra etternamnet sitt til Bizet Dønnum.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Celin Bizet Ildhusøy» frå , den 8. november 2022.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Sørum