Elisabeth Terland () er ein norsk fotballspelar som spelar for den engelske klubben Brighton & Hove Albion og det norske landslaget.
Klubbkarriere Terland byrja karrieren sin i Nærbø Idrettslag før ho som 13-åring gjekk til Bryne Fotballklubb. Der spela ho med aldersbestemte guttelag og fekk også nokre kampar for kvinnelaget i 3. divisjon. Ho var allereie på dette tidspunktet sett på som eit av landets største talentar i sin årsklasse.
Klepp (2017–2020) Etter å ha hospitert fast med laget over lengre tid vart det i desember 2016 kjent at Terland hadde signert for Klepp. 15 år gammal debuterte ho i Toppserien, 17. april 2017, då hun starta i serieopninga mot LSK Kvinner. I 2018 var ho med å ta ein sterk andreplass og sølv i Toppserien med Klepp. Terland spela fast for Klepp i Toppserien, var sentral på juniorlaget samstundes som ho var fast inventar for dei norske juniorlandslaga. Det enda med at ho i april 2019 pådrog seg ein belastingsskade som sette ho ut av spel i flere månader. Terland kom tilbake på banen på hausten og var med å sikre bronse til Klepp. I ei kåring i Aftenposten vart ho i 2019 kåra til det største talentet på kvinnesiden i norsk fotball.
Sandviken/Brann (2021–2022) I november 2020 annonserte Sandviken at dei hadde signert Terland og lagvenninna Tuva Hansen frå Klepp. Der var ho med å ta den fyrste seriemeisterskapen til klubben i Toppserien 2021. I januar 2022 vart ho plukka ut på UEFAs liste over ti kvinnelege fotballspelarar å sjå opp for i 2022. Ho vart historisk 20. mars 2022, då ho i serieopningna mot Røa scora det fyrste offisielle målet til Brann Kvinner nokosinne.
Brighton & Hove Albion (2022–) 1. august 2022 vart det kjent at Terland hadde skrive under ein toårskontrakt med Brighton i Women's Super League.
Landslagskarriere Terland har landskampar for J15, J16, J17, J19 og det norske A-landslaget.
I sin fyrste landskamp med J15-landslaget mot Sverige i 2016 viste Terland seg fram med to målgjevande.
Terland var med i den norske troppen til U19-EM i Skottland 2019.
I oktober 2019 vart Terland teken ut på A-landslaget for fyrste gang. Debuten kom 8. april 2021 mot Belgia då ho kom inn for Amalie Eikeland. Ho vart teken ut i den norske troppen til EM i England 2022.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Terland» frå , den 8. november 2022.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Brann-spelarar Kategori:Jærbuar