Markoosie Patsauq () var ein kanadisk inuittisk forfattar frå Inukjuak i Nunavik nord i Quebec.«Markoosie». Oxford Reference. Han er best kjend for Harpoon of the Hunter (ᐊᖑᓇᓱᑦᑎᐅᑉ ᓇᐅᒃᑯᑎᖓ), den fyrste romanen på inuktitut til å bli utgjeven. Romanen blei skriven etter, men gjeven ut før (1970), enn Mitiarjuk Nappaaluk sin Sanaaq. Liv og virke Patsauq blei fødd nær Inukjuak i Quebec."Markoosie Patsauq, first Inuit novelist, lived the history of his people". CBC North, April 20, 2020. Familien hans var ein av dei som blei tvangsflytta til Resolute i Nortdvestterritoria under High Arctic relocation-programmet i 1953."Markoosie Patsauq – His Story". Iqqaumavara (dir. Marquise Lepage), 2013. Han gjekk seinare på high school i Yellowknife.«MARKOOSIE, 1942-: LMS-0017» . Collections Canada.
Patsauq skreiv oppvekstromanen Harpoon of the Hunter i 1969 medan han verka som flygar (den fyrste inuittiske flygaren i Canada), medan han sat vêrfast. Han brukte stoff han hadde høyrd og spurt seg fram til frå familiemedlemmar og eldre i lokalsamfunnet sitt. Forteljinga kom ut som framhaldsroman i det inuittiske bladet Inuttituut, og blei gjeven ut i ei engelsk omsetjing utført av Patsauq i 1970. Den engelske utgåva blei omsett til ukrainsk og gjeven ut i 1974 av forlaget Veselka. Ho blei også omsett til dansk og tysk. Det kom ut ei fransk omsetjing i 2013, og omsetjingar til hindi og marathi i 2015. Det er sidan gjort forsøk på å laga nye omsetjingar frå den opphavleg inuktitut-teksten.
Patsauq skreiv også noveller og sakprosa, men ingen av dei andre verka hans blei så godt kjende som Harpoon of the Hunter.
Han døydde i mars 2020 i heimen sin i Inukjuak.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Markoosie Patsauq» frå , den 8. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Exile in childhood: one man's memoir by Markoosie Patsauq in Nunatsiaq News Part 1 Part 2 Part 3 Part 4 Manuskriptet til Harpoon of the Hunter (Harpoon of the Hunter collection, R11775) ved Library and Archives Canada
Kategori:Folk frå Nunavik Kategori:Folk frå Nunavut Kategori:Kanadiske forfattarar Kategori:Inuittiske forfattarar Kategori:Inuktitut