Thea Bjelde () er ein norsk fotballspelar som spelar for Vålerenga.
Klubbkarriere Tidleg karriere Bjelde byrja karrieren i Sogndal, der ho blant anna gjorde seg merka som einaste jente på G14-laget på Norway Cup i 2014. Vårsesongen 2016 spela ho for Kaupanger i 2. divisjon.
Arna-Bjørnar (2016–2021) Som 16-åring vart Bjelde henta til Arna-Bjørnar i Toppserien. I 2018 kom gjennombrotet då Bjelde hadde ein fantastisk sesong, og var ei viktig brikke i laget som tok bronse i Toppserien. Ho vart kåra til årets spelar i Arna-Bjørnar, og nominert til årets gjennombrot i Toppserien.
Tidleg i 2019 pådrog ho seg ein krossbandskade som sette ho ut av spel frå fotballen i eitt år. Etter å ha komme tilbake frå skaden slo ho sterkt tilbake året etter, og vart løna med å bli teke ut på A-landslaget for fyrste gang. Ho vart også kåra til årets spelar i Arna-Bjørnar i 2020. Som 21-åring vart ho utnemnd til kaptein i Arna-Bjørnar.
Vålerenga (2021–) 18. juli 2021 vart det kjent at Bjelde hadde signert for Vålerenga. Med Vålerenga var ho med å vinne cupmeisterskapen i sin fyrste sesong, og ho vart kåra til banens beste i cupfinalen mot Sandviken.
Landslagskarriere Bjelde har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og A-landslaget til Noreg.
Bjelde vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gong i oktober 2020.
Etter eit forfall i den norske troppen, vart Bjelde innkalla til laget som skulle til EM i England 2022.
Bjelde debuterte for A-landslaget den 7. oktober 2022, i ein privatlandskamp mot Brasil på Ullevaal Stadion.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thea Bjelde» frå , den 8. november 2022.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Folk frå Sogndal