Rudolf Waldemar Harbig () var ein tysk friidrettsutøvar og soldat frå Dresden. Han vart i 1938 europameister på 400 meter og 800 meter. Harbig var verdsrekordhaldar på 800 meter frå 1939 til 1955.
Liv Harbig vart tysk meister på 800 meter i Berlin 1936 med tida 1.53,5. Svekka av sjukdom rauk han ut i forsøka på 800 meter under dei olympiske leikane i same byen ein dryg månad etter. Seinare i leikane sprang han som ankermann Tyskland inn til bronse i 4 x 400 meter stafett.
Åra 1937 og 1938 forsvarte Harbig den tyske meistertittelen på 800 meter. Ved EM i friidrett 1938 sigra han på 800 meter med eitt sekunds margin til sølvmedaljøren. Dagen etter var han ankermann for det tyske mannskapet som sikra seg sigeren på 4 x 400 meter stafett.
I 1939 var Harbig i sitt livs form. Den 15. juli 1939 han ein fabelaktig verdsrekord på 800 meter på 1.46,6 i Milano, ei forbetring av den årsgamle rekorden til Sydney Wooderson med heile 1,8 sekund. Den 12. august sette han verdsrekord på 400 meter med tida 46,0 ved eit stemne i Frankfurt am Main.
24. mai 1941 sette Harbig verdsrekord på 1000 meter i Dresden, tid 2.21,5.
Harbig var medlem i NSDAP frå mai 1937. Under andre verdskrigen vart han kalla til teneste i Wehrmacht. Han var fallskjermjeger i Luftwaffe. Etter kampar ved småbyen Olkhovets i dagens Ukraina vart han meldt sakna.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rudolf Harbig» frå , den 16. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Tyske mellomdistanseløparar Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936