Olav Brattegard () var ein filolog frå Ål i Hallingdal.

Han gjekk ut frå Voss landsgymnas i 1923 og tok lærareksamen året etter. I 1931 vart han cand.philol. Deretter var han eitt år lektor i norsk ved universitetet i Hamburg og 1932–36 ved landsgymnaset på Voss. Frå 1936 underviste han i tysk ved Noregs handelshøgskole i Bergen, var tilsett ved skulen til han fylte 70 år.

Brattegard var i ti år styremedlem i Vestmannalaget, formann 1946-47. I 1973, dagen før 70-årsdagen, var han utnemnd til heiderslem i laget.

Kjelder Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950.

Kategori:Norske skulefolk Kategori:Målfolk Kategori:Professorar ved Noregs handelshøgskole Kategori:Folk frå Ål Kategori:Folk frå Bergen