mini|Olav Bjørkum og kona Anne
Olav Bjørkum () var ein skulemann frå Lærdal i Sogn.
Etter eksamen frå lærarskule i 1903, skulte Bjørkum i Lærdal og sidan i Strinda. 1914–21 var han styrar ved Nordhordland ungdomsskule på Frekhaug. Etter usemje med eigarane av skulen, braut Bjørkum ut og skipa i 1921 Frekhaug ungdomsskule og styrte denne til 1947, då IOGT overtok skulen.
Bjørkum arbeidde innom fråhaldslag, mållag, helselag og venstrelag. Frå 1920 gav han ut ungdomsbladet Tytebæret. I 1972 vart han utnemnd til heiderslem i Vestmannalaget.
Kjelder Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950.
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Lærdal