Hans-Heinrich Scheele () var ein tysk friidrettsutøvar frå Hamburg som i 1934 vart europameister på 400 meter hekk.

Liv Sommaren 1934 sette Scheele tysk rekord på 400 meter hekk med eit løp på 53,7 sekund. Under europameisterskapen i Torino i september presterte han livsbeste 53,2 på langhekken og sikra seg gullmedaljen. Han fekk ein til gullmedalje i meisterskapen, med di han sprang den andre etappen for det tyske vinnarlaget i 4 x 400 meter stafett.

I dei olympiske sommarleikane i Berlin i 1936 deltok Scheele einast på 400 meter hekk. Med tida 54,6 rauk han ut allereie i forsøket.

Under andre verdskrigen vart Scheele innkalla til teneste i Wehrmacht. I den tidlege fasen, det andre døgnet, av Operasjon Barbarossa fall han som oberfeldwebel nær Mahiljou i dagens Belarus.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Hans Scheele» frå , den 17. juli 2026.

Kategori:Tyske hekkeløparar Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936