Lars Knutsson Tvinde () var ein norsk skodespelar frå Voss i Hordaland som var knytt til Det Norske Teatret i bortimot eit halvt hundreår.

Tvinde var ei tid handelsbetjent heime på Voss. I 1913 debuterte han som skodespelar då Det Norske Teatret opna i Kristiansand med stykket Ervingen. Dei fyrste åra spelte han oftast i folkekomediar, «nådde vel lengst i den genren som Ljugar-Lars og den hjelpelause bondeguten i Godvakker-Maren». Frå 1921 fekk han også tragiske roller, stod for storfelte prestasjonar gjennom karakterroller i stykka Medmenneske og Dødsdansen. «Med framifrå herredøme over både komiske og tragiske element i skodespelkunsten» var Tvinde av dei fremste i norsk scenekunst i si samtid. Han hadde mange roller i film, mellom andre i Tancred Ibsen sin Fant frå 1937.

Tvinde vart i 1966 utnemnd til heiderslem i Noregs Mållag.

Kjelder Norsk Allkunnebok. X. Bandet. 1966.

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Voss