miniatyr|«Ro!» – Norske supportarar utfører viking-roing på tribunen under kampen mellom Frankrike og Noreg under fotball-VM 2026. miniatyr|Norske supportarar under kampen mellom Irak og Noreg under fotball-VM 2026. Viking-roing er ei supportermarkering der deltakarane utfører ei synkronisert, overdrive ro-rørsle samstundes som dei ropar det norske ordet «ro», gjenteke etter trommeslag. Markeringa er utforma for å etterlikne roinga på eit vikingskip. Roinga vart utbreidd i samband med at Noreg deltokk i fotball-VM 2026.
Opphav Viking-roinga vart skapt av Ole Frøystad, kjend under artistnamnet «MrRowRow». Han presenterte idéen for den norske supporterklubben Oljeberget, som tok roinga i bruk under landskampar.
Supporterar tok roinga i bruk fyrste gang under eun privatlandskamp mot Sveits i mars 2026.How Norway's 'Viking Row' was made, and then took over the World Cup, ESPN, 30. juni 2026 Den fikk økt oppmerksomhet etter at den ble brukt under privatlandskampen mot Sverige 1. juni 2026, og seinare under VM i fotball 2026.
Før roinga vart tatt i bruk av norske fotballsupporterar i 2026, hadde koordinert «viking-roing» i fleire år vore eit kjend publikumsrituale i heavy metal-miljøet, særleg på konsertar med det svenske viking metal-bandet Amon Amarth. Under songen «Put Your Back Into the Oar» set publikum seg gjerne på bakken og etterliknar roinga på eit vikingskip i takt.
Utøving Roinga vert sett i gang av eit handlaga, norrønt-inspirert signalhorn. Hornet vart laga av instrumentmakaren Karstein Grønnesby, med metallbeslag av produktutviklaren Nikolai Kolstad, på oppdrag frå supporterklubben Oljeberget og Noregs Fotballforbund. Det er laga av norsk oksehorn med forsølva beslag dekorert i vikingtidas Urnesstil, og har røter i norsk instrumentmakartradisjon.
Viking-roinga vart kjend under fotball-VM 2026, då norske supporterar gjennomførte markeringa fleire stader i USA. Ei av dei mest omtalte hendingane fann stad på Times Square i New York, der norske supportarar gjennomførte viking-roinga ved sida av eit årleg yogaarrangement i samband med sommarsolkverv.
Etter sigrane over Senegal og Elfenbeinskysten leidde landslagskaptein Martin Ødegaard feiringa, der det norske herrelandslaget og supportarane gjennomførte viking-roinga saman. Etter sigeren over Brasil i åttedelsfinalen tok Erling Braut Haaland over tromminga og leidde landslaget saman med supportarane i viking-roinga.
Viking-roinga har òg vorte teken i bruk av fleire norske institusjonar. Mellom anna gjennomførte representantar på Stortinget markeringa i stortingssalen, vitjande ved Sagastad fylte dekket på Myklebustskipet med ei felles roing, og Forsvaret publiserte ein video der ein pilot i Luftforsvaret gjennomførte viking-roinga frå cockpiten i eit F-35-jagerfly.
Den 26. juni 2026 samla over personar seg i Karl Johans gate i Oslo, framfor Slottet, for å delta i ei felles viking-roing leia av Petter Northug.
Den 13. juli 2026, etter at landslaget hadde kome attende til Noreg og var teke imot av kong Harald, kronprins Haakon, prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus på Slottet, rodde landslaget saman med titusenvis av frammøtte utanfor Slottet. Roinga vart leidd av kronprins Haakon. var til stades i Oslo for å hylla landslaget, som etter roinga vart køyrt til Rådhusplassen i open buss.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Viking-roing» frå , den 14. juli 2026.
Kategori:Det norske fotballandslaget Kategori:VM i fotball 2026 Kategori:Internettfenomen