Amund Olsson Rydland () var ein norsk skodespelar frå Alversund i Hordaland.
Rydland var i 1910 elev ved det norske Feltartilleriet i hovudstaden. Han debuterte som skodespelar i 1913 på Det Norske Teatret. Frå 1915 til 1922 var han sjef for det same teateret i ei vanskeleg tid. I 1933 var han med å starte Komedieteatret i Bergen. Frå 1945 på ny knytt til Det Norske Teatret i Oslo.
Rydland vart i 1966 utnemnd til heiderslem i Noregs Mållag.
Kjelder Folketeljinga 1910. Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1966.
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske teatersjefar Kategori:Folk frå Lindås