Nina Žižić () er ein montenegrinsk songar. Ho starta karrieren sin i 2004 med gruppa Negre. Žižić representerte Montenegro i Eurovision Song Contest 2013 saman med Who See. I 2025 representerte ho landet igjen i Eurovision Song Contest med songen «Dobrodošli».
Karriere
I desember 2012 kunngjorde at Who See skulle representere Montenegro i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö, saman med ein «hemmeleg artist», som seinare blei avslørt som Žižić. Bidraget deira, «Igranka», blei framført i den første semifinalen 14. mai 2013, men enda på 12. plass med 41 poeng og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen. I 2021 var Žižić medlem av den interne juryen som valde Montenegro sitt bidrag til Eurovision Song Contest 2022.
I 2024 deltok Žižić i Montesong 2024, den montenegrinske uttakinga for Eurovision Song Contest 2025, med songen «Dobrodošli», der ho enda på andreplass bak bandet NeonoeN. Den 4. desember 2024 trekte NeonoeN seg frå Eurovision-deltaking, då bidraget deira tidlegare hadde blitt framført i 2023, noko som var eit regelbrot. Den 8. desember 2024 blei Žižić offisielt utnemnd som den montenegrinske representanten i Eurovision Song Contest 2025. I Eurovision Song Contest deltok ho i den andre semifinalen 15. mai 2025, men klarte ikkje å kvalifisere seg til finalen.
I november 2025 blei Žižić nominert til Eurovision Awards i kategorien «#ALBM Cover of the Year» for coverversjonen sin av songen «», opphavleg framført av den kroatiske Eurovision-representanten . I desember same året vann ho prisen «Hit of the Year» for songen «Dobrodošli» under Montefon Awards.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nina Žižić» frå , den 6. januar 2026.
Kategori:Montenegrinske songarar Kategori:Montenegrinske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar