Martine Trollsås Fenger () er ein norsk fotballspelar som speler for Barcelona.
Karriere Tidlig karriere Fenger starta å spele fotball i IK Gimletroll, der ho spelte heilt til ho hausten 2021 blei henta til Amazon Grimstad av hovudtrenar Steinar Pedersen. Ho debuterte i 1. divisjon den 2. oktober 2021, nokre dagar før ho fylte 15 år. Våren 2022 var ho ønskt av dei fleste av klubbane i Toppserien, og ho var mellom anna på treningsopphald i Kolbotn og Vålerenga.
Kolbotn (2022-2023) 16. april 2022 blei det kjent at Fenger hadde signert for Kolbotn frå og med sommaren same år. Ho debuterte i Toppserien for klubben borte mot Stabæk i august 2022. Sesongen enda med nedrykk for Kolbotn, noko som gjorde at mange spelarar forlét klubben og Fenger blei ein endå meir sentral spelar. Våren 2023 skåra ho 10 mål på 12 kampar for Kolbotn i 1. divisjon.
6. juni kunne Oppegård Avis avsløre at Fenger etter seiande skulle vere svært nær ein overgang til den ferske Champions League-vinnaren Barcelona. Bakgrunnen for overgangen skulle vere ein ulovleg side-kontrakt, som var inngått i det Fenger signerte for Kolbotn. Innhaldet i kontrakten var ifølgje avisa at dersom Barcelona ønskte å kjøpe Fenger før ho fylte 17 år, så kunne det gjerast til ein avtalt sum som skulle vere berre 50 000 norske kroner. Ein slik klausul i kontrakten var ikkje tillaten i samsvar med Norges Fotballforbunds regelverk. Dagleg leiar i Kolbotn stadfesta til avisa at ein slik avtale hadde funne stad, og då det blei oppdaga av den nye leiinga i klubben blei den ulovlege klausulen gjort om til ein munnleg avtale. Det blei òg avvist at summen var på 50 000 kroner, men stadfesta at det var ein fastsett sum i euro som ikkje spegla verdien til Martine Fenger.
Barcelona (2023-) 29. juni 2023 blei det kjent at Fenger hadde signert ein treårskontrakt med Barcelona, der ho ville bli ein del av B-laget til klubben.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Martine Fenger» frå , den 3. mars 2026.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Idrettsutøvarar frå Kristiansand