Inger Johansen er universitetslektor ved fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet. Ho har ein mastergrad i nordisk språk frå 2006.
Johansen har framfor alt arbeidd med stillinga til sørsamisk i det norske samfunnet. Mastergradsavhandlinga hennar var ei banebrytande avhandling om rolla ein handfull unge sørsamiske aktivistar spelte i den sørsamiske revitaliseringa. Også seinare har ho arbeidd med konsekvensane innstillinga til språk har for revitaliseringa, t.d. i Johansen 2008, der ho diskuterer barrieren unge sørsamar opplever mot å snakke sørsamisk, og argumenterer for å sjå overvinninga av denne barrieren som ein tostegsmodell, for å få innpass i eit sørsamisk språksamfunn og å endre den eksisterande språksituasjonen.
Ho har også arbeidd med metodar for å integrere kunnskap om samisk i den allmenne lærarutdanninga, som i Hundal, Halberg og Johansen 2025.
Inger Johansen har også vore aktiv innafor målrørsla.
Bibliografi (utval)
Johansen, Inger 2006: Det er ikkje eit museumsspråk – det har noko med framtida å gjera » ei sosiolingvistisk undersøking av revitaliseringa av sørsamisk. Mastergradsavhandling i nordisk språkvitskap, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU. Johansen, Inger 2007: Revitalisering av sørsamisk språk I: Bull, Tove; Kusmenko, Jurij & Riessler, Michael (red.): Språk og språkforhold i Sápmi 2007. Johansen, Inger 2008: Det er ikkje berre berre å koma her å snakke samisk, liksom". Barrieren mange unge sørsamar opplever mot å snakke samisk I: Målbryting 9:111-123. Hundal, Anne kathrine, Haakon Halberg og Inger Johansen 2025: Trepartssamarbeid som modell for utvikling av lærerstudenters profesjonskompetanse: Et universitetsskoleprosjekt om samisk i norskfaget. I: Uniped - Tidsskrift for universitets- og høgskolepedagogikk. Vol 48, hefte 2-3:208-221.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Inger Johansen, Nord universitet
Kategori:Personar innafor samisk språkforsking Kategori:Målfolk Kategori:Sørsamisk språk