Klavdía Papadopoúlou (), også kjend berre som Klavdía, er ein gresk songar. Ho representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Asteromáta», der ho enda på sjetteplass samanlagt med 231 poeng.

Bakgrunn Papadopoúlou blei fødd 18. august 2002 i Asprópyrgos. Ho er av pontisk opphav.

Musikalsk karriere Papadopoúlou fekk gjennombrot i 2017, då ho var 15 år gammal, etter å ha vore på audition til den femte sesongen av Éllada Éheis Talénto med Michael Jackson-låten «». I 2018 deltok ho i den femte sesongen av The Voice of Greece på Skai TV. Under audition-rundene framførte ho songen «» av The Police, noko som gav henne godkjenning frå alle dei fire dommarane, og ho vart ein del av laget til Élena Paparízou. Ho heldt fram i konkurransen heilt til finalerunden, men klarte ikkje å kvalifisere seg til dei tre siste finalistane.

Kort tid etter deltakinga i talentprogrammet signerte Papadopoulou ein platekontrakt med dei greske plateselskapa Arcade Music og Panik Records. Der gav ho ut sine første singlar, skrivne av Arcade, mellom anna «Haramanta», som vart sertifisert dobbel platina av IFPI Hellas for 40 000 einingar, og «Vasanizomai». Seint i 2022 søkte ho om å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2023. Trass i at ho vart vald ut blant finalistane, enda den greske allmennkringkastaren med å velje Victor Vernicos som landets representant i Liverpool. I 2024 gav ho ut debut-EP-en sin med same namn, Klavdía.

Den 10. januar 2025 kunngjorde den greske kringkastaren ERT at Papadopoúlou var ein av deltakarane i Ethnikós Telikós, den nye nasjonale uttakinga for å avgjere Hellas sin representant til Eurovision Song Contest 2025, med songen «Asteromáta». Den nasjonale finalen fann stad 30. januar i Galatsi olympiahall i Galátsi. Papadopoúlou opptredde som den femte av tolv deltakarar. Takket vere framføringa si vann ho fyrsteplass i den samla røystinga frå dei internasjonale juryane og telefonrøystinga, og sigra dermed i songkonkurransen. Dette gav ho æra av å representere Hellas på Eurovision-scena i Basel, der ho enda på sjetteplass i finalen med 231 poeng.

Privatliv Frå 2024 til 2025 var Papadopoúlou i eit forhold med den greske rapparen og musikkprodusenten OGE.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Klavdia (singer)» frå , den 12. januar 2026.

Kategori:Greske musikarar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-låtskrivarar