Hans Joachim Morgenthau () var ein tysk-amerikansk statsvitar kjend for sitt forsvar av klassisk realisme i internasjonal politikk. Han var også advokat og konsulent i utanrikspolitikk i fleire amerikanske institusjonar.

Morgenthau var ein ekspert på folkeretten, som over tid studerte i aukande grad studiet av makt i internasjonal politikk. Det er til dette emnet hans mest kjente verk, Politics Among Nations: The Struggle for Power and Peace, er vigt til. I denne boka motsette han seg ei idealistisk orientering i utanrikspolitikken, basert på rasjonalistiske tankar og ei pessimistisk oppfatning av menneskelege ambisjonar. Vidare med verket Scientific Man versus Power Politics der han, bestemd klassisk realistisk, kritiserte det han kalla «liberal rasjonalisme».Solomon, M. Scott (2009), Fifty Key Thinkers in International Relations, Abingdon: Routledge, s.51.

Som konsulent for forsvarsdepartementet i USA var han kjend for å ha teke eit standpunkt mot Vietnamkrigen som USA hadde byrja, ei oppfatning som førte til oppseiinga hans under Johnson-administrasjonen.

Bakgrunn Åra i Europa mini|Snublestein til minne om Hans Morgenthau i Coburg. Morgenthau vart fødd inn i ein jødisk familie i Coburg i hertugdømet Sachsen-Coburg-Gotha i 1904. Han studerte filosofi ved Universitetet i Berlin og Frankfurt før han byrja på eit kurs i juss ved Universitetet i München. Etter eksamen i 1927 vende han tilbake til Frankfurt for å fullføra opplæringa i folkerett og oppnådde sin doktorgrad i 1929.Morgenthau, H. (1978). «An Intellectual Autobiography». In Society. Janvier, février 1978, vol. 15. Nr.3. s. 63–65.

Dinest, etter å ha byrja sin juridiske karriere i Frankfurt, vart han utnemnd til fungerande president for Arbeidsretten i 1931. Året etter vigde han seg att til det akademiske livet ved å melda seg på eit postdoktorprogram ved Instituttet for International Studiar i Genève.C. Frie, Hans J. Morgenthau. An Intellectual Biography, Baton Rouge, Louisiana State University Press, 2001, s. 49.

I 1934, etter å ha fullført studiane sine, unngjekk han å returnera til Tyskland av di at dei fyrste diskriminerande lovene mot jødane hadde vorte innført. Difor fór han, ved hjelp av akademiske kollegaar til Spania, der han seinare gifta seg.

Åra i Amerika I 1937 emigrerte han saman med kona si til USA. Frå 1939 til 1943 underviste han ved University of Missouri i Kansas City, og dinest ved University of Chicago. Der byrja han å yrkja formelt med det nyoppretta tverrfaglege feltet for internasjonale relasjonar.

I 1946 vart boka Scientific Man versus Power Politics gjeven ut.Scheuerman, William. "Was Morgenthau a Realist? Revisiting Scientific Man vs. Power Politics" Paper presented at the annual meeting of the ISA's 49th ANNUAL CONVENTION, BRIDGING MULTIPLE DIVIDES, Hilton San Francisco, SAN FRANCISCO, CA, USA, Mar 26, 2008 Denne boka av Morgenthau har eit sterkt preg av ein realistisk filosofi og ein kritikk av ein posisjon han kalla «liberal rasjonalisme».

Han tok fatt på ein karriere innan politisk rådgjeving i 1948, då det vart etablert regelmessig kontakt med USAs utanriksdepartement. I 1951 overlét den same avdelinga han ei offisielt vitjing til Austerrike og dinest til Indokina i 1954. Frå denne siste vitjinga markerte han motstanden sin mot det amerikanske engasjementet i Vietnam. I 1963 vart han konsulent for forsvarsdepartementet, ei stilling han vart tvungen til å forlata i 1965. Det var i dét året artikkelen hans for New York Times dukka opp der han fordømde det kontinuerlege nærværet av amerikanske troppar i Indokina. Ifylgje Morgenthau var dette grunnen til at Johnson-administrasjonen, misnøgd over hans offentlege og insisterande haldning, gav ordre om oppseiinga hans frå forsvarsdepartementet.Morgenthau, H. (1970). Truth and Power: Essays of A Decade, 1960-70. New York : Praeger. Skuffa over denne administrasjonen vart han konsulent i 1968 for presidentkampanjen til demokraten Eugène McCarthy, ein kampanje som til slutt ende i fiasko.Morgenthau, H. (1968) «A Talk with Senator McCarthy». The New York Review of Books. 22. august 1968, s. 191–198.

Han var ein av passasjerane som overlevde styrten på Swissair Flight 316 nær Hellinikon internasjonale lufthamn i Aten den 8. oktober 1979. Etter å ha flytta til New York og gått frå kona si i 1973, heldt han fram med å skriva om internasjonal politikk til sin død i 1980.«Morgentahu dies, noted political scientist». The Telegraph. 21. juli 1980, s. 8.

Teoriar Funksjonalisme i folkeretten Som student ved universitetet i München, fordjupa Morgenthau si forsking på karakteriseringa av folkeretten som ein spesielt veik grein av jussen.Morgenthau, H. (1978). «An Intellectual Autobiography». Society. 1978, vol. 15, nr.3. s. 65. I Frankfurt vidareutvikla han dette konseptet, og fann årsaka til denne veikskapen i involveringa av internasjonal politikk i juridiske spurdagar. Denne komplekse koplinga mellom juridiske og politiske stridar er også gjenstand for hans arbeid The notion of politics and theory of international disputes.Morgenthau, H. (1933). La notion du "politique" et la théorie des différends internationaux. Paris : Sirey, s. 8. Spesielt ved å finna skiljet mellom desse to konflikttypane problematisk, understreka han viktigheita av å involvera førestillinga om det politiske for betre å klassifisera og forstå folkerettssystemet.Morgenthau, H. (1933). La notion du "politique" et la théorie des différends internationaux. Paris : Sirey, s. 90.

Trass denne tidlege interessa for det politiske domenet, fokuserte forskinga til Morgenthau i laupet av hans europeiske år fyrst og fremst på å utforma eit realistisk alternativ til juridisk positivisme. Han inspirerte seg av filosofiske perspektiv, spesielt Sigmund Freud, som understreka kompleksiteten og dei djupe ambisjonane menneske hadde av natur.Schütt, R. (2009) «Political realism, Freud, and human nature in international relations». Durham E-Theses Online, s. 37, Henta 9. april 2017. Motstanden til morgenthau mot tradisjonell rettsvitskap vart enda meir framtredande i hans tidlege amerikanske år, då han skreiv artikkelen Positivism, Functionalism and International Law. I den identifiserer han ein forskingsagenda for juridisk funksjonalisme, ei tverrfagleg tilnærming til internasjonale juridiske spurdagar som anerkjenner sosiologiske aspekt. I røyndomen argumenterte han for at økonomiske interesser, sosiale spenningar og ambisjonar om makt er dei motiverande kreftene til det internasjonale domenet, og at dei difor må vurderast av internasjonale juristar.Morgenthau, H. (1940). «Positivism, Functionalism, and International Law». American Journal of International Law. 1940, vol. 34, nr. 2, s. 269.

Klassisk realisme i internasjonal politikk I Politics Among Nations hadde Morgenthau som mål å motverka det han såg på som ein skadeleg og idealistisk trend i amerikansk politikk i hans samtid, og tilbaud det som no vert sett på som den klassisk realistiske tilnærminga. Idéen til Morgenthau var ei pessimistisk oppfatning av menneskelege ambisjonar, der tendensen handla om å dominera andre individ.

Basert på denne tanken argumenterte han for at makt representerte det øvste målet for eitkvart lands utanrikspolitikk, styrt av uforanderlege lover som er ibuande i menneskeleg natur. Difor kunne alle statar berre føra tre typar rasjonell politikk: å halda fast på makta si, å tileigna seg meir eller å visa ho fram.Morgenthau, H. (1954). Politics among Nations. The Struggle for Power and Peace. 2. utg. New York : Knopf. s. 25. Morgenthau meinte internasjonal politikk var jakta etter meir makt, og utdjupa det med at:

I kjølvatnet av dette hadde krig ei dominerande rolleVennesson, P. (2001). « Les “réalistes” contre les interventions : arguments, délibérations et politique étrangère ». In Annuaire français de relations internationales, nr.2. s.236. og var ein del av dei naturlege og uforanderlege kreftene som han meinte ein ikkje skulle motverka, men bruka.Morgenthau, H. (1954). Politics among Nations. The Struggle for Power and Peace. 2. utg. New York : Knopf, s. 2. Likevel, i høve til langvarige militære engasjement var han generelt fiendtleg: han såg på dei som kontraproduktive, fåfengte og framfor alt for kostbare på grunn av avgrensa nasjonale ressursar.Vennesson, P. (2001). « Les “réalistes” contre les interventions : arguments, délibérations et politique étrangère ». In Annuaire français de relations internationales, nr.2. s.242–249. Morgenthau kjaga etter å forsvara desse overtalingane når han motsette seg den amerikanske krigføringa i Vietnam.Morgenthau, H. (1965). Vietnam and the United States. Washington DC : Public Affairs Press.

Hans Morgenthau la særleg vekt på førestillinga om nasjonal interesse. Han meinte det viktigaste leiande prinsippet for politisk realisme var interesseomgrepet, definert i form av makt.Jean-Jacques Roche, Théories des relations internationales, éd. Montchrestien, 2004. s.33 Morgenthau meinte målet med politikk var å oppnå dominans.Le principe de Lucifer (1997), Howard Bloom (trad. Aude Flouriot), éd. le Jardin des livres, 2001. , s.245 Det definerte også dei materielle faktorane til makt, til dømes eit stort territorium, ein stor folkesetnad, ein sterk økonomi som kan finansiera krigar om nødvendig, avansert teknologi, osv. Til desse elementa la han til immaterielle faktorar, som nasjonalkjensle, kvaliteten på regjeringa og diplomati.

Morgenthau er stundom definert som «klassisk realist», for å skilja han frå nyrealisme (eller strukturell realisme, som til dømes er assosiert med Kenneth Waltz).Hans Morgenthau and Kenneth Thompson, Politics Among Nations, 6th edition (New York: McGraw-Hill, 1985), s.165

Dei seks prinsippa Hans Morgenthau skildra seks prinsipp for politisk realisme i sitt verk Politics Among Nations:

Politikk fylgjer objektive reglar, som har sitt opphav i menneskeleg natur; Internasjonal politikk er forma av interessene til einkvan stat, særskild når det gjeld makt; Maktinteressa er objektiv og universell, men ikkje fast – det er rom for nyansering. Ho vert ikkje endra i tid og rom, men snarare i høve til «essensen av politikken» (the essence of politics); Moralske prinsipp kan ikkje takast i betraktning for å forstå høvet mellom statar. Dei endrar seg i tid og rom: Statane handlar alltid i høve til det øvste moralske prinsippet om si eiga nasjonale overleving; Dei moralske ambisjonane til statar (t.d. å fremja verdsfred) kan ikkje seiast å vera universelle moralske ambisjonar, men som ei interesse til statar i ein gjeven augneblink; Politisk realisme anerkjenner at mennesket har fleire interessesfærar. Om ein ynskjer å forstå ein bestemd sfære, må ein sjå bort frå dei andre, som til dømes religiøs, økonomisk, juridisk, moralsk osfr. Den politiske sfæren er likevel uavhengig av dei andre.

Verk i utval Scientific Man versus Power Politics (1946) Chicago, IL: University of Chicago Press. Politics Among Nations: The Struggle for Power and Peace (1948) New York NY: Alfred A. Knopf. In Defense of the National Interest (1951) New York, NY: Alfred A. Knopf. The Purpose of American Politics (1960) New York, NY: Alfred A. Knopf. Crossroad Papers: A Look Into the American Future (red.) (1965) New York, NY: Norton. Truth and Power: Essays of a Decade, 1960–70 (1970) New York, NY: Praeger. Essays on Lincoln's Faith and Politics. (1983) Lanham, MD: Univ. Press of America for the Miller Center of Public Affairs at the Univ. of Virginia. Co-published with a separate text by David Hein. The Concept of the Political (2012; opphavleg 1933) Intro. by H. Behr and F. Roesch. Trans. by M. Vidal. Palgrave Macmillan.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hans Morgenthau» frå , den 3. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Statsvitarar