Andrea Berntzen () er ein norsk skodespelar. Ho vart kjend for hovudrolla som Kaja i Erik Poppe sin film Utøya 22. juli, og vart kåra til beste kvinnelege skodespelar under Amandaprisen 2018 for rolla.

Berntzen har bakgrunn frå skulerevyen på Elvebakken vgs, og i 2017 vart ho kåra til årets kvinnelege skodespelar i Revykavalkadens oppsummering av skulerevyane i Oslo.

I 2018 var Berntzen elev ved Romerike Folkehøgskole. I 2021 spela ho rolla som «Marielle» i julekalenderen til TVNorge, Nissene i bingen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrea Berntzen» frå , den 4. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Andrea Berntzen på IMDb.com Andrea Berntzens første filmrolle ble uvanlig krevende NRK 10. mars 2018.

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Vinnarar av Amandaprisen