Gertrude Franklin Horn Atherton () var ein amerikansk forfattar.
Atherton tilhøyrde ein gammal amerikansk familie på farssida, og stamma frå ein bror av Benjamin Franklin på morssida. Ho fekk ei god utdanning, og budde lange tider i Europa. I ei rekke romanar skildra ho California i eldre og nyare tid, som i The Doomswoman (1892), The Californians (1898, svensk omsetjing 1900), American wives and English husbands (1898, svensk omsetjing 1900), The splendid idle forties (1902), Rézanov (1906) og The sisters-inn-law (1921). Ho henta motiv frå europeisk og amerikansk liv til Senator North (1900, svensk omsetjing 1901), Rulers of kings (1904), The gorgeous isle (1908, svensk omsetjing 1919), The tower of ivory (1910) og The sophisticates (1931). Ei reise i Hellas gav henne inspirasjon til å skildra antikken. The immortal marriage (1927) handlar om Aspasia, The jealous gods (1928) om Alkibiades. Dido, queen of hearts har òg antikt motiv. Andre verk av Atherton er mellom anna The adventures of a novelist (1932), Can women be gentlemen? (1938) og Horn of life (1942).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gertrude Atherton» frå , den 4. mars 2023. oppgav desse kjeldene: Svensk forslagsbok, 2:a opplaget, 1947
Kategori:Folk frå San Francisco Kategori:USA-amerikanske forfattarar frå 1900-talet