Hannah Waddingham () er ein britisk skodespelar og songar. Ho er best kjend for å ha spela rolla som Rebecca Welton i komedieserien Ted Lasso. Ho vann ein Primetime Emmy Award for framståande kvinnelege birolle i 2021 og Critics' Choice Television Award for beste kvinnelege birolle i ein komedieserie i 2021 og 2022.

Waddingham har også spela i ei rekkje West End-forestillinger, blant anna Spamalot, Into the Woods og Trollmannen frå Oz som Den onde heksa frå Vest – og ho har fått tre Laurence Olivier Awards-nominasjonar for sin innsats.

Waddingham har vore med i besetninga til filmversjonen av Les Misérables frå 2012 og i femte sesong av HBO-serien Game of Thrones som Septa Unella i 2015. Ho hadde ei av hovudrollene i den britiske thrilleren Winter Ridge (2018) og ei birolle i tv-serien Sex Education. Ho skal vere programleiar for Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool saman med Alesha Dixon og Julija Sanina, og med Graham Norton i finalen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hannah Waddingham» frå , den 4. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Hannah Waddingham på IMDb.com

Kategori:Britiske skodespelarar Kategori:Britiske songarar Kategori:Primetime Emmy Award-vinnarar Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar Kategori:Folk frå London