«In corpore sano» (latin for 'i ein sunn lekam') er en serbisk popsong frå 2022 som vert framført av den serbiske musikaren Konstrakta. Songen var det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia, der han enda på femteplass.
Om songen «In corpore sano» er skriven av den serbiske songaren og låtskrivaren Konstrakta saman med Milovan Bošković. Songen vart gjeven ut 11. februar 2022 som del av hennar tre-songsprosjekt Triptih (som i triptyk). I tillegg til «In corpore sano», består trilogien av låtane «Nobl» ('nobel') og «Mekano» ('mjuk'). Trilogien vart gjeven ut 28. februar 2022 som ein tolv minutt lang musikkvideo. Ideen vart skapa av Konstrakta sjølv saman med Ana Rodić og regissøren Maja Uzelac. Videoen skal illustrere dagens Serbia, kvar av songane på sin måte.
Teksta til «In corpore sano» byrjar med at artisten lurar på kva som er løyndomen bak det flotte og sunne håret til Meghan Markle, før han tek for seg ulike medisinske tilstandar som gjev symptom på hud og hår. Sidan snakkar teksta om korleis kvinnelege artistar må vere sunne og må ta ansvar for helsa si. Blant anna sikter teksta til sitatet til den romerske poeten Juvenalis «Mens sana in corpore sano» ('Ei sunn sjel i ein sunn lekam'). Tredje vers i songen tek for seg den serbiske helsetenesta, og korleis ho ikkje gjev fri og gratis helsehjelp til musikarar og kunstnarar. Avslutninga av songen vert sungen på latin og handlar om korleis sinnet held seg sunt i ein sunn kropp.
Pesma za Evroviziju og Eurovision Song Contest Samarbeidspartnarane til Konstrakta sende inn låten til den serbiske musikktevlinga Pesma za Evroviziju '22 i Beograd. «In corpore sano» vart vald, sidan songen har ei varigskap på under 3 minutt, og dimed innfrir tevlingsreglane. Vinnaren av tevlinga fekk representere Serbia i Eurovision Song Contest 2022.
Konstrakta og «In corpore sano» deltok i den fyrste semifinalen, og fekk stor merksemd og popularitet i etterkant av sendinga. Hennar avantgardistiske song og framsyning vart karakterisert som satire, ironi og kritikk av den serbiske helsetenesta, massemedium, koronapandemien og venleiksideal – og korleis slike faktorar kan distrahere enkelte frå fokus på mental helse. Hennar framsyning har også vorte samanlikna med den serbiske performancekunstnaren Marina Abramović.
Under Pesma za Evroviziju '22 var Konstrakta omgjeven av stilleståande dansarar. Sjølv sat ho på ein stol og var iført ei kvit helsearbeidar-uniform og vaska hendene i ei bøtte gjentatte gongar. Framføringa vart straks samanlikna med Marina Abramović og verket hennar Art Must Be Beautiful..., som opphavleg vart framført i København i 1975. Under denne framføringa sat Abramović og greidde håret sitt mens ho ropa «kunst må vere vakkert, kunstnaren må vere vakker».
I finalen av Pesma za Evroviziju '22 laurdag 5. mars vann Konstrakta ein klår siger hos både juryane og tv-sjåarane, og ho fekk dimed representere Serbia i Eurovision Song Contest 2022 med «In corpore sano». Songen var nummer tre i den andre semifinalen torsdag 12. mai og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai 2022. «In corpore sano» enda til slutt på femteplass i finalen, den beste plasseringa til Serbia sidan tredjeplassen i 2012.
Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Hellas (IFPI Greece)80 Island (Tónlistinn)15 Kroatia (Billboard)1 Litauen (AGATA)11 Nederland (Single Tip)19 Serbia (Radiomonitor)7 Sverige (Sverigetopplistan)63
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «In corpore sano» frå , den 1. desember 2022.
Kategori:Serbiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Serbiskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Latinspråklege Eurovision Song Contest-songar