Jelena Lvovna Sjusjunova () var ein russisk turnar frå Leningrad som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister 1985 og olympisk meister 1988 i mangekamp

Sjusjunova vann i alt elleve medaljar i verdsmeisterskap i turn. I Montreal i 1985 sikra ho seg gullmedalje i mangekampen, i hopp og i lagtevlinga. To år seinare i Rotterdam vann ho VM-gull i frittståande og i hopp. Under Sommar-OL 1988 i Seoul enda ho opp med gull i mangekampen og i lagtevlinga, medan det vart sølv i bom og bronse i skranke.

Sjusjunova døydde av lungebetennelse i heimbyen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yelena Shushunova» frå , den 3. desember 2022.

Kategori:Russiske turnarar Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1988 Kategori:Folk frå St. Petersburg