«Die Together» (norsk 'døy saman') er ein popballade med den gresk-norske songaren og låtskrivaren Amanda Tenfjord. Ho skreiv låten saman med den norske musikaren og produsenten Bjørn Helge Gammelsæter. Låten vart gjeven ut 10. mars 2022 og var det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen «Die Together» er ein popballade som handlar om eit døyande forhold. Men songaren tenkjer over moglegheita for å forlate dette livet samstundes som den ho elskar, slik at dei alltid vil ha kvarandre, og at ho ikkje vil miste han til nokon andre. Amanda Tenfjord skreiv låten saman med Bjørn Helge Gammelsæter, som også produserte låten.

Amanda Tenfjord vart hausten 2021 spurd om ho ville sende inn nokre songar til den greske ålmennkringkastaren ERT si jakt på det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Tenfjord har gresk far og budde sine fyrste barneår i Hellas, før familien flytta til Tennfjord i Noreg. ERT avgjorde at Tenfjord skulle få representere Hellas i Eurovision Song Contest, og avgjerda vart offentleggjord 15. desember 2021. Men songen vart offentleggjord 10. mars 2022 og gjeven ut for strøyming og nedlasting same dag.

Tenfjord enda opp på åttandeplass med «Die Together» i finalen i Eurovision Song Contest laurdag 14. mai 2022.

Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Hellas (IFPI Greece)2 Island (Tónlistinn)29 Litauen (AGATA)19 Nederland (Single Tip)18 Storbritannia (UK Download (OCC))67 Sverige Heatseaker (Sverigetopplistan)5

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Die Together» frå , den 2. desember 2022.

Kategori:Norske songar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar