mini|Frå innsida av eit gjeldsfengsel på 1800-talet i Storbritannia. Gjeldsfengsel er ein type fengsel for menneske som ikkje kan betala gjelda si. Dei var vanlege til midten av 1800-talet, men er i dag i stor grad avskaffa. Nivået på fridommen fangane fekk i gjeldsfengsel var varierande. Om ein fange hadde tilgang til litt pengar, kunne han kjøpa seg enkelte gode. Nokre stader var det lov å gjera forretningar i fengsel, og ha besøkande over fleire timar. Far til den engelske forfattaren Charles Dickens sat i gjeldsfengsel, og Dickens både skildra og kjempa mot fengselsforma i tekstane sine.Charles Dickens Bibliography ved charles-dickens.com Den engelske tjuven Jonathan Wild byrja karrieren sin frå eit slikt fengsel.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gjeldsfengsel» frå , den 3. desember 2022.
Kategori:Rettshistorie Kategori:Fridomstap