Anna Cornelia Jakobsdotter Samuelsson (Sveriges befolkning 2000, Sveriges släktforskarförbund), kjend som Cornelia Jakobs, er ein svensk songar og låtskrivar. Ho vann svenske Melodifestivalen med songen «Hold Me Closer» og representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.

Bakgrunn Jakobs studerte på kulturskulen Kulturama og ved Rytmus musikgymnasium i Stockholm i åra 2008–2011. Ho er medlem i popgruppa Stockholm Syndrome (tidlegare kalla Love Generation), som blant anna deltok i Melodifestivalen i 2011 og 2012.

I 2008 forsøkte Jakobs seg i svenske Idol, men gjekk ikkje vidare i tevlinga. Ho deltok i Melodifestivalen 2021 som låtskrivar bak «Best of Me» med Efraim Leo. Året etter deltok hun sjølv med låten «Hold Me Closer». Songen vann den fyrste delfinalen og vann 12. mars 2022 heile tevlinga med 146 poeng. Som vinnar fekk ho representere Sverige i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Der enda ho på fjerdeplass samanlagt.

Jakbos er dotter av rockemusikaren Jakob Samuel i gruppa The Poodles. Farfaren er presten og forfattaren Bengt Samuelsson, mens farmora er dirigenten og komponisten Kerstin Nerbe.Sveriges befolkning 1970, Arkiv Digital.

Diskografi Singlar 2013 – «Somewhere» (Jakob Samuel med Cornelia Jakobs) 2016 – «Ta dig hit» (Canto med Cornelia Jakobs) 2016 – «Lovers on Film» (Joakim Molitor med Cornelia Jakobs) 2018 – «Late Night Stories» 2019 – «Hanging On» 2020 – «Weight of the World» 2020 – «Dream Away» 2021 – «Jag trodde jag sov» (Linus Hasselberg med Cornelia Jakobs) 2022 – «Hold Me Closer» 2022 – «Fine»

Digitalt 2016 – «We Come Alive» (Radio Edit) / «We Come Alive» (Extended Mix) (Manse med Cornelia Jakobs)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cornelia Jakobs» frå , den 1. november 2022.

Kategori:Svenske songarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar Kategori:Melodifestival-vinnarar Kategori:Melodifestivalen 2011-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2012-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2021-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2022-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2022-låtskrivarar