Stien den Hollander (), kjend under artistnamnet S10, er ein nederlandsk låtskrivar, songar og rappar. Ho byrja musikkarrieren i 2016 og signerte for det nederlandske hiphop-platemerket Noah's Ark i 2017. To år seinare slapp ho debutplata Snowsniper, som seinare vann ein Edison-pris, den nederlandske Spellemannprisen. Den Hollander representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2022 med songen «De diepte», som ho skreiv saman med Arno Krabman. Dette var det fyrste Eurovision-bidraget på nederlandsk sidan 2010.

Bakgrunn Den Hollander og tvillingbroren vart fødde 8. november 2000 i Hoorn i Noord-Holland. Frå fødelsen av har ho hatt lite kontakt med sin biologiske far. Ho vaks opp i Abbekerk, før familien flytta til Hoorn, der ho gjekk på videregåande skule. Etter å ha teke eksamen i 2018, byrja ho på musikkskulen Herman Brood Academie i Utrecht.

I tenåra sleit Den Hollander med psykiske lidingar, blant anna høyrselshallusinasjonar og depresjon. Då ho var 14 år, vart ho lagd inn på eit psykiatrisk sykehus etter eit sjølvmordsforsøk. Ho har seinare vorte diagnostisert med bipolar liding.

Musikalsk karriere Den Hollander tok artistnamnet S10, som på nederlandsk vert uttalt nærast likt som fornamnet hennar, Stien. I 2016 gav Den Hollander ut sitt fyrste minialbum Antipsychotica, på eige forlag. Ho spela det inn ved å bruke Apple-hovudtelefonane sine og lasta det opp på musikkplattforma SoundCloud. Kort tid etter utgjevinga var ho oppdaga av rapparen Jiggy Djé, og signere for plateselskapet hans Noah's Ark i 2017. Eitt år seinare gav ho ut sitt andre minialbum, kalla Lithium. Songane hennar omhandla hennar personlege kamp mot psykiske lidingar, og begge minialbuma er kalla opp etter medikament mot psykiske lidingar.

I 2019 gav Den Hollander ut debutplata Snowsniper. Tittelen refererer til den finske skarpskytteren Simo Häyhä, som Den Hollander forklarte handlar om ein «soldat som kjempar for fred, akkurat som eg strevar for fred med meg sjølv». Albumet vann ein Edison-pris, tilsvarande den norske Spellemannprisen, i februar 2020. I november same år gav ho ut sitt andre studioalbum, Vlinders, som nådde ein femteplass på den nederlandske albumlista.

I 2021 fekk Den Hollander ein hit med songen «Adem je in», som ho skreiv saman med Jacqueline Govaert. Den 7. desember 2021 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at dei hadde vald Den Hollander til å representere Nederland i Eurovision Song Contest 2022. Bidraget hennar, «De diepte» (djupet) vart utgjeve 3. mars 2022 og hadde nederlandsk tekst. Songen var det fyrste Eurovision-bidraget på nederlandsk sidan 2010. Ho enda til slutt på ein ellevteplass i finalen av Eurovision Song Contest.

Diskografi Album 2019 – Snowsniper 2020 – Vlinders 2022 – Ik besta voor altijd zolang jij aan mij denkt

EP-ar og minialbum 2017 – Antipsychotica 2018 – Lithium 2019 – Diamonds

Singlar 2016 – «Dark Room Filled with Flowers» 2017 – «Gucci veter» 2018 – «Storm» 2018 – «Hoop» (med Jayh) 2019 – «Ik heb jouw back» 2019 – «Laat mij niet gaan» 2019 – «Alleen» 2020 – «Ogen wennen altijd aan het donker» 2020 – «Love = Drugs» (med Ares) 2020 – «Maria» 2020 – «Achter ramen» (med Zwangere Guy) 2021 – «Adem je in» 2021 – «Adem je in (Remix)» (med Frenna og Kevin) 2022 – «De leven» (med Joep Beving) 2022 – «De diepte» 2022 – «Laat me los» (med BLØF)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stien den Hollander» frå , den 2. november 2022.

Kategori:Nederlandske songarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar