Amanda Klara Georgiadis Tenfjord () er ein norsk og gresk songar, låtskrivar og lækjar.https://www.adressa.no/kultur/2017/01/23/Medisinstudent-p%C3%A5-dagen-%E2%80%93-artist-p%C3%A5-natten-14089068.ece Ho representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Die Together».

Artistkarriere Tenfjord byrja med pianotimar då ho var fem år gammal, før ho byrja i korps og deretter songtimar. Tenfjords song «Run» vann Musikkprisen i 2015 og figurerte i ein reklamevideo for Personskadeforbundet LTN i 2014.

I 2016 deltok Tenfjord i musikktevlinga The Stream på TV 2, der ho fekk ei plassering blant dei 30 beste deltakarane. I 2018 opptredde ho live under «P3aksjonen». Ho medvirka også i eit program på P3 Live i 2019 med låten «Let Me Think».

Tenfjord har turnert med det norske bandet Highasakite. I 2019 spela ho på musikkfestivalen Trondheim Calling. Tenfjord vart i 2019 tildelt Ungdommens kulturpris i Haram kommune.

Eurovision Song Contest I desember 2021 kunngjorde den greske ålmennkringkastaren ERT at dei hadde vald Tenfjord til å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Songen, «Die Together» vart offentliggjord og utgjeven 10. mars 2022. Tenfjord kvalifiserte seg til finalen, der ho enda på åttandeplass.

Bakgrunn og privatliv Tenfjord vart fødd i Ålesund i Noreg, og voks opp i Ioánnina i Hellas og i Tennfjord i Haram. Ho budde dei tre fyrste åra av livet i heimbyen til faren, Ioánnina, før ho og familien flytta til Tennfjord i Møre og Romsdal. Ho lærte gresk før norsk. Ho gjekk i same klasse som artisten Sigrid, og har uttala at ho var inspirasjonen til å satse på ein artistkarriere på deira siste skuledag ved Fagerlia vidaregåande skule.

I 2015 flytta Tenfjord til Trondheim for å byrje på medisinstudium ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU). I 2019 annonserte Tenfjord at ho satte dei krevjande studia på pause for å fokusere på musikk. Tenfjord tok embetseksamen i medisin i mai 2022.

Diskografi EP-ar First Impression (2018) Miss the Way You Missed Me (2021)

Singlar «Run» (2014) «I Need Lions» (2016) «Man of Iron» (2017) «First Impression» (2018) «No Thanks» (2018) «Let Me Think» (2018) «The Floor Is Lava» (2019) «Troubled Water» (2019) «Kill the Lonely» (2019) «As If» (2020) «Pressure» (2020) «Then I Fell in Love» (2020) «Miss the Way You Missed Me» (2021) «Promises» (2021) «Die Together» (2022) «Plans» (2022) «All In» (2022) «Aman» (med Evangelia) (2022) «I'll Stay» (2022)

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Amanda Tenfjord» frå , den 2. november 2022.

Kategori:Norske songarar Kategori:Greske songarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Greske låtskrivarar Kategori:Norske legar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Greske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar Kategori:Elevar ved NTNU