Niamh Kavanagh () er ein irsk songar som vart kjend i Europa då ho vann Eurovision Song Contest i 1993 med songen «In Your Eyes», som var skriven og komponert av Jimmy Walsh. Dette var den femte sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og «In Your Eyes» vart den mestseljande songen i Irland det året. Den oppnådde òg ein 24.-plass på dei britiske hitlistene.
Tidlegare hadde Kavanagh opptredd som vokalist og korist på lydsporet til filmen The Commitments med songar som «Destination Anywhere» og «Do Right Woman, Do Right Man».
Kavanagh deltok òg på det irske talkshowet The Late Late Show sin Eurovision-spesial saman med Linda Martin og andre tidlegare irske deltakarar i tevlinga. Ho las òg opp dei irske poenga under Eurovision Song Contest 2008. I 2010 representerte Kavanagh igjen Irland i Eurovision Song Contest, denne gongen med songen «It’s for You». Denne kom på 23.-plass i finalen.
Kavanagh er busett i Carrickfergus i County Antrim, saman med ektemannen Paul Megahey og to søner.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Niamh Kavanagh» frå , den 19. november 2021.
Kategori:Folk frå Dublin Kategori:Irske musikarar Kategori:Irske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Eurovision Song Contest 1993-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2010-deltakarar