Albina Grčić () er ein kroatisk songar. Ho starta songkarrieren sin etter å ha kome på tredjeplass i den tredje sesongen av The Voice Hrvatska. Grčić representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Tick-Tock».
Bakgrunn Grčić byrja med musikk i ung alder og tok pianoundervising ved ein lokal musikkskole i seks år. Som åtteåring vart ho del av «Musikktalenta», eit lokalt musikkprosjekt for barn, ungdom og vaksne.
Grčić vart nasjonalt kjend i Kroatia då ho i desember 2019 deltok i den tredje sesongen av The Voice Hrvatska. Ho enda til slutt på tredjeplass i tevlinga, bak vinnaren Vinko Ćemeraš og sølvvinnaren Filip Rudan. Like etter fekk ho platekontrakt med Universal Music Croatia, og 16. oktober 2020 slapp ho debutsingelen «Imuna na strah» (immun mot frykt).
I desember 2020 vart Grčić presentert som ein av 14 deltakarar til musikktevlinga Dora 2021, der vinnaren fekk representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2021. I tevlinga 13. februar 2021 opptredde ho med songen «Tick-Tock», skriven av Branimir Mihaljević, Max Cinnamon og Tihana Buklijaš Bakić. I Dora 2021 vann Grčić både jury- og telefonavrøystinga med 198 poeng, og dimed fekk Grčić representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Grčić deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai, der ho enda på ellevteplass. Sidan ho ikkje hamna blant dei ti beste, kvalifiserte ho seg ikkje til finalen.
Diskografi Singlar «Imuna na strah» (2020) «Tick-Tock» (2021)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Albina Grčić» frå , den 19. november 2021.
Kategori:Kroatiske songarar Kategori:Folk frå Split Kategori:Kroatiske musikarar Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar