Sara Caroline Lundberg () er ein svensk illustratør og forfattar. Boka hennar Vita Streck och Öjvind (2011) var nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2013.
Sara Lundberg har utdanninga si frå McDaniel College i Westminster i Maryland i USA. Ho har kandidateksamen i teater og kunst derfrå i 1994, deretter studerte ho på Konstfack i Stockholm til 2000 og på Kungliga Konsthögskolan i Stockholm til 2008.
I 2009 vann ho Augustpriset for boka Skriv om och om igen saman med Ylva Karlsson, Katarina Kuick och Lilian Bäckman. Same året debuterte ho som forfattar med biletboka Vita Streck, utgjeve av Alfabeta förlag. Vita Streck och Öjvind vart nominert til Augustpriset i barne- og ungdomsklassen i 2011.
Bibliografi i utval
2013 - Öjvind och världens ände 2011 - Vita Streck och Öjvind 2011 - Emblas universum 2010 - Sommar 2009 - Skriv om och om igen 2009 - Vita Streck
Prisar og utmerkingar
2009 - Augustpriset 2012 - Elsa Beskow-plaketten 2013 - Expressens Heffaklump
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sara Lundberg» frå , den 19. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Svenske illustratørar