Martha Ostenso () var ein norsk-amerikansk forfattar, kjend for den prisløna debutromanen sin Graagaas (Wild Geese) frå 1925. Romanen vart ein bestseljar både i USA og Noreg, og vart omsett til ei rekkje andre språk. Forfattarskapen til Ostenso var i hovudsak realistiske skildringar av livet på landet i Midtvesten av USA og i Canada. Ho vart kjend som grunnleggjaren av «prærierealismen».

Ostenso samarbeidde med ektefellen Douglas Durkin om bøkene sine, men omfanget av medverknaden til Durkin er ikkje klarlagt. Ein går ut frå at Ostenso hadde skrive det første utkastet til debutromanen og at Durkin deretter gjekk gjennom og redigerte manuskriptet. Enkelte litteraturvitarar ser på signaturen Martha Ostenso som uttrykk for den felles verksemda til dei to forfattarane frå og med 1925.

Familien til Ostenso utvandra til USA då Martha var to år gammal. I barndomsåra heldt ho til i Minnesota og Sør-Dakota i USA. I ungdomsåra budde dei i Manitoba i Canada. Karrieren hennar som forfattar varte fram til 1958, og resulterte blant anna i ei diktsamling, seksten romanar, rundt tretti noveller og ein biografi. Wild Geese vart til stumfilm og spelefilm i levetida til forfattaren, og dessutan til TV-serie i 2001.

Ostenso vart den fyrste norsk-amerikanske kvinna til å forsørgja seg og familien sin som forfattar. Ho var tre gonger tilbake i Noreg etter utvandringa.

Liv

Familien i Noreg Martha vart fødd i bygda Tungeland i Haus kommune, som vart innlemma i Bergen 1972. Ho var dotter av den faglærte meieristen Sjur Brigtson Øystesø og meieriarbeidaren (meierske) Olina Tungeland. I nokre kjelder er foreldra kalla Sigurd og Line. Paret gifta seg i Biri kyrkje 18. august 1898. Sjur hadde utdanna seg som meierist og arbeidde i Redalen. Etter å ha leigd Rosendal meieri i eitt år, fann han ut at det ikkje løna seg. I 1900 drog han difor åleine til Winnipeg i Canada, der han fekk arbeid hos Olinas onkel, som eigde ein kjøtmarknad.

Etter at Sjur hadde reist til Canada, budde mor til Martha på heimplassen Tungeland. Den 17. september 1900 vart Martha fødd. Dåpen vart halden i Arna kyrkje, 14. oktober same år, og ho vart boren til dåpen av bestemor si, Anna Johannesdatter Tungeland Borge. Martha vart oppkalla etter systera til mor si, som skreiv dikt. Mostera hadde mista livet i eit steinras kort tid før Martha vart fødd.

Oppvekst og unge år i Canada og USA Marthas «amarant-elevar»

Joan Naglestad Buckley fortel i doktoravhandlinga i frå 1976 at Martha som liten laga skule i eit kratt av amarant (pigweed). Ho rydda noko av ugraset for å gje plass til skulestova. Rundt kateteret som var laga av kvister, stod det igjen enkelte ugrasplantar i ein ring. Desse plantane var elevane hennar.

«Jeg ga navn til noen av dem, og pleide å være ute og undervise dem time etter time. De var alle sammen norske, selvsagt, og de fortalte meg historier på norsk, som var det eneste språket jeg forsto. Jeg kan fremdeles huske noen av historiene jeg fortalte i hemmelighet til mine amarant-elever, og husker at de hadde virkelige plott, med sammenheng i handling og ekte karakter...slik jeg også husker fortellingene mor fortalte oss, i de lange kalde vintrene i Minnesota og Sør-Dakota, vikingesagaene, legender om guder og gudinner, ride på vinden, fortalt med kraften i hennes norske fantasi, røffe og kanskje litt ondskapsfulle, som eventyr ofte er.» I 1902 tok mor til Martha med seg dottera og reiste til Canada. Der vart dei gjenforeinte med Sjur. Dei neste elleve åra levde familien eit omflakkende liv, og budde på til saman sju ulike stadar i Minnesota og Sør-Dakota. Eit slikt rotlaust tilvære var noko som mange av innvandrarane i USA opplevde. Familien Ostenso levde av Sjur si meieriverksemd, og at Olina tok imot klede til vask. Martha viste tidleg sans for ord og språk. Ho song versa ho hadde laga sjølv, lenge før ho lærte å lese og skrive. Broren Bjarne (Barney) vart fødd i 1903, og yngstebroren Oivind (som fekk kjælenamnet «Spot») vart fødd i 1905.

Rundt 1914-1915 flytta familien til Brandon i den kanadiske provinsen Manitoba. Familien var utan middel, så reisa dit føregjekk i ei godsvogn på jernbana. Allereie før familien flytta til Brandon hadde Martha fått stoff på trykk i avisa; som elleveåring fekk ho åtti cent for kvar spalta ho skrev på ungdomssida til Minneapolis Journal. Ei av notatbøkene hennar indikerer òg at ho vann ein pris for eit dikt, «The Price of War», i Winnipeg Telegram. Som femtenåring vart ho innskriven ved Brandon Collegiate School.

I juni 1917 reiste familien vidare til hovudstaden til provinsen Winnipeg, der faren fekk arbeid ved Dominion Produce Company. Sannsynlegvis tok ho avgangseksamen ved Kelvin Technical High School i 1918, og fekk dermed løyve til å undervisa mellombels. Seinsomaren 1918 fekk ho ei lærarstilling i Hayland i Manitoba. Her budde ho hos Alexander Hay, kona hans og fire barn (to søner og to døtrer). Denne familien og familiane omkring (Sandmoens, Eggertsons, Gudmundsons og Gislassons) var til inspirasjon for ho til romanen Wild Geese, som vart utgjeven i 1925.

Lærarkarrieren hennar stansa brått då skulen vart stengd som følgje av eit utbrot av spanskesjuka. Ho vart innskriven ved University of Manitoba i Winnipeg for vårsemesteret 1919. Frå september same år var ho fulltids student og tok ei rekkje kurs i kunstfag. Eitt av kursa var «engelsk prosa» og «engelsk lyrikk». Undervisaren i begge kursa var Douglas Durkin (1884–1967), som seinare blei livspartnaren og den viktigaste rådgjevaren hennar i litterære spørsmål. Våren og sommaren 1920 arbeidde ho som reporter for Winnipeg Free Press, for deretter å halda fram universitetsstudia i Winnipeg same haust. I mellomtida hadde Durkin flytta frå kone og barn i Winnipeg, og teke seg jobb ved Columbia University, der han underviste i «The Technique of the Novel».

Faren Sjur vart i 1932 overkøyrt av ein bil i nærleiken av heimen sin i Wilmar i Minnesota, og døydde av skadane.

Livet med Douglas Durkin mini|Douglas Durkin var Martha Ostensos livsledsager i meir enn 40 år. Paret gifta seg ikkje før i 1944. Hausten 1921 flytta Ostenso til New York, og slutta seg til Durkin der. Dermed byrja eit personleg tilhøve og fagleg samarbeid, som skulle visa seg å vara heilt til ho døydde meir enn førti år seinare. Frå 1921 til 1922 studerte Ostenso litteratur ved Columbia University og følgde Durkin sitt kurs. Det er mogleg at ho allereie på dette tidspunktet hadde byrja å arbeida med sitt mest kjende verk Graagaas (Wild Geese). Ho arbeidde òg som sosialarbeidar i det fattige Reden Hook-distriktet i Brooklyn, men fann ikkje noko å skriva om derfrå. Det fanst ingen kontrastar slik som på prærien, meinte ho. På prærien stod den menneskelege grusomleiken i kontrast til venleiken i naturen. I Rei Hook var alt berre forferdeleg.

I 1921 byrja Ostenso å publisera dikt i tidsskrift som Canadian Magazine of Politics, Art & Literature, American-Scandinavian Review, Literary Digest, Poetry og Voices. Seint i 1923 reiste ho attende til Winnipeg og brukte mesteparten av vinteren på å utarbeida eit første utkast av Graagaas. Våren 1924 reiste ho attende til New York for godt. I 1924 kom den fyrste boka hennar ut, diktsamlinga A Far Land, med førtitre tidlegare utgjevne dikt. Titteldiktet er ei kort, lyrisk skildring av fødeland til Ostenso, Noreg.

Den fyrste romanen til Ostenso, Graagaas (Wild Geese), kom ut i 1925, og skulle òg verta hennar mest kjende. Med boka vann ho ein pris på 13 500 dollar for beste debutroman dette året, i konkurranse med 1389 andre romanar. Prisen vart utdelt av tidsskriftet The Pictorial Review, filmselskapet Famous Players-Lasky Corporation og forlagshuset Dodd, Mead & Co.

Frå å vera totalt ubemidla, bortsett frå ein bankkonto som inneheldt to dollar, vart ho med prisen den første norsken-amerikanske kvinna som kunne leva av forfattarverksemda si. Ho kunne òg forsørgja den nære slekta si, som på det tidspunktet talte elleve medlemmar.

Sjølv om foreldra hennar hadde fått amerikansk statsborgarskap tidlegare, vart ho ikkje sjølv amerikansk statsborgar før 11. mai 1931. Det er hevda at dette kom av dei sterke kjenslene hennar for fødelandet.

Verksemda til Ostenso og Durkin gav store inntekter, Ho tente 30 000 til 40 000 dollar i løpet av eit år. Ho kunne tene frå femten til sekstifem tusen dollar for ei enkelt novelle. Paret eigde ei rekkje luksusbilar, båtar og hus. I 1931 flytta dei til Gull Lake i Minnesota. Dei hadde òg ein bustad i Hollywood, California, der dei vart venner med stjerner som Douglas Fairbanks jr., Mary Pickford og Henry Fonda. Eit dekadent liv førte til at forfattarskapet stagnerte i kvalitet. Ostenso reiste mykje og var tre gongar tilbake i Noreg, blant anna i 1925 og 1931. I 1925 vart ho intervjua av Fjordabladet, og gav uttrykk for at ho ynskte å treffa Knut Hamsun.

Ostenso og Durkin gifta seg i 1944 etter at kona hans hadde døydd, og paret slo seg ned til eit roleg liv i Minnesota. I 1963 bestemte dei seg for å flytta til Washington, der dei to sønene til Durkin budde. Reisa vart for mykje for Ostenso, og ho kollapsa på toget. Framme i Seattle vart ho frakta til sjukehus der ho døydde to dagar seinare. Dødsårssaka var skrumplever.

Forfattarskapen mini|Illustrasjon og omslagsside på debutromanen «Wild Geese» omsett til norsk som «Graagaas». Illustratør: Charles William Jefferys Wild Geese (Graagaas), The Young May Moon (Nymåne i mai) og O, River Remember, vert rekna av Stan Atherton som Ostensos beste romanar, der debutboken set eit mønster for dei seinare utgjevingane. Atherton meiner at desse tre av romanane, kor dei to første er omsett til norsk, stadig kan gje lesaren nye opplevingar. I tillegg vert The White Reef (Nona) og The Mandrake Root (Alrune) òg rekna som lesverdige.

Med Wild Geese og The Young May Moon vart Ostenso, særleg i Canada, kjend som grunnleggjaren av «prærierealismen». Atherton held fram at før denne perioden var det få bøker som presenterte ein gjennomført reell og nøyaktig presentasjon av livet i regionen. Det vart skrive ei rekkje bøker om livet på prærien, men det dreidde seg ofte om overdriven romantikk, preikande forteljingar, melodrama og sentimentalitet.

Bøkene til Ostenso har gjerne éin eller fleire skikkelsar henta frå det skandinaviske innvandrarmiljøet. Dei gir lesarane eit realistisk bilete av det harde arbeidet og det einsame livet på landbygda. Dette hadde Ostenso sjølv opplevd under oppveksten i Manitoba og Minnesota. Graagaas skildrar tilhøvet mellom mennesket og naturen, og livet blant pionerane i vesten. Ofte vil ein av romanfigurane – som oftast ein mann – representera ein trussel for ektefellen eller barna sine, som følgje av anten ambisjonane til personen, fedrelandskjærleik eller eit snevert, religiøst perspektiv. Ostenso portretterer òg familiekonfliktar og dei mørke sidene ved kjærleiken. I romanane hennar er hovudpersonane sterke, sjølvstendige kvinner. Graagaas og The Young Man Moon vert rekna blant dei beste i denne tradisjonen, dette saman med verka til Frederick Philip Grove, blant anna Settlers of the Marsh (1925) og Robert J.C. Stead sin roman Grain (1926).