Charlotte «Lotte» Reiniger () var ein tysk-engelsk silhuettkunstnar, animasjonsfilmskapar og bokillustratør. Arbeida hennar tilhøyrer tradisjonen med detaljerte silhuettar, som vart moderne i Europa på 1700-talet, og skuggespel som har opphavet sitt i Asia. Ho tok silhuettkunsten og skuggespeltradisjonen med over til filmen, og vart ein pionér innanfor silhuett-animasjonsfilm. Teknikken ho nytta i sine meir enn 60 silhuettfilmar, i hovudsak kortfilmar, var stop motion.
Hennar mest kjende film, Die Abenteuer des Prinzen Achmed (norsk Prins Achmeds eventyr) frå 1926, blir rekna som den eldste eksisterande lengre animasjonsfilmen. Han vart vist 11 år før Walt Disney-filmen Snehvit og de sju dvergene, som ofte blir nemnd som den første.
På dei aller fleste filmane arbeidde ho saman med ektemannen, Carl Koch, som var produsenten og filmfotografen hennar. Dei arbeidde først i Berlin, men då nazistane kom til makta i Tyskland i 1930-åra, forlét ekteparet landet og arbeidde i Paris, Roma og London, der ho budde størstedelen av det vaksne livet sitt. Ho vart britisk statsborgar i 1962.
Reiniger hadde ein nesten 65 år lang karriere innanfor silhuettfilm. Dei første silhuettane for film klipte ho i 1916, til tekstplakatane i Paul Wegener sin film Rübezahls Hochzeit. Den aller siste silhuettfilmen, Düsselchen und die vier Jahreszeiten, vart til i 1980, eit år før ho døydde.
I samband med filmarbeidet sitt utvikla ho ein forløpar for multiplankameraet, som gjorde det mogleg å laga ein illusjon av djupne i filmane. Multiplankameraet vart seinare utvikla og brukt i tradisjonell animasjon av andre filmskaparar. Walt Disney patenterte eit slikt kamera i 1940.
I tillegg til å vera ein pionér innan animasjonsfilm, har Reiniger hatt stor betydning for utviklinga av skuggeteater i Europa.
Liv og virke Lotte Reiniger vart fødd i 1899 i den tyske byen Charlottenburg, som i dag ligg innanfor bydelen Charlottenburg-Wilmersdorf i Berlin.Alfred Happ, vennen og biografen til Reiniger, skreiv at ho var innført i Berlin Charlottenburg fødselsregister, nr. 569/1899 med namna Charlotte Eleonore Elisabeth Reiniger, men at dette var einaste gongen alle desse namna var bruket». Happ (2004, s. 7) Ho var einaste barn av Eleonore, som var av fransk hugenottslekt og Karl Reiniger, som var bankmann. Ho har sjølv skildra den unge Lotte som ein entusiastisk jentunge som berre kunne gjera éin ting bra: å klippa silhuettar.Lotte Reiniger sitert i Bendazzi (1994), s. 31
Inspirasjon venstre|mini|Eit av K.W. Diefenbachs silhuett-postkort frå 1892 mini|Arthur Rackhams «Cinderella» (1919) «Scherenschnitte», klipping av dekorasjonar og figurar av papp og papir, har lange tradisjonar i Tyskland, og var ein vanleg aktivitet i skulen då Lotte Reiniger var barn. Ho oppdaga tidleg at ho hadde eit eige talent for å klippa presise silhuett-portrett og -figurar, men ho var ikkje tilfreds med urørlege pappfigurar, så då ho var 12 år gammal bygde ho sitt eige primitive skuggeteater. Der kunne ho røra figurane og visa førestillingar for vener og familie.Fleire kjelder seier at ho var berre seks år gammal då ho laga sitt fyrste skuggeteater, men i Happ (2004), s. 9, er ho sitert med at ho hadde bygd eit skuggeteater allereie då ho var 12 år. Happ var ein nær venn av Reiniger. Ho opptredde òg med silhuettfigurar i eit par skuleførestellingar. Fleire kjelder oppgjev at Reiniger var inspirert av at ho som barn hadde opplevd «ombres chinoises» (fransk for kinesiske skuggar), den europeiske versjonen av kinesisk skuggeteater, som har vore på moten med visse mellomrom, men ho har sjølv nekta for dette. Ho kjende ikkje til at det var nokre kinesiske skuggeteater i Berlin under oppveksten hennar: «Nei, det var skuggeteaterdokker i museum, men eg så dei faktisk ikkje før langt seinare. Det er ikkje sant at eg var påverka av kinesisk skuggeteater».Lotte Reiniger sitert på engelsk i Grace (2017), s. 183: «No, there were puppets in museums, which I actually didn't see until much later. It's not really true that I was influenced by Chinese shadow theatre».
I tillegg til barndomen sin silhuettklipp, vart Reiniger i oppveksten inspirert av art nouveau-kunstnaren Karl Wilhelm Diefenbach sin postkortserie basert på hans frise Per Aspera Ad Astra.Happ (2004), s. 9 Originalane var måla med tusj, eller svart blekk, men uttryket kunne overførast Reinigers presise klippemetode.
Då ho var ung vart ho svært interessert i kino og film, først den franske filmpioneren Georges Méliès sine filmar, på grunn av spesialeffektane han brukte, deretter i filmane skodespelaren og regissøren Paul Wegener skapte.
Ei interesse som følgde henne gjennom livet, var eventyr og eventyrforteljing, og eventyr frå Tusen og ei natt og frå Grimm-brørnevar utgangspunkt for mange av filmane hennar.Grace (2017), s. 9
Etterkvart vart òg opera, ballett og musikk, spesielt Mozarts musikk, viktige inspirasjonskjelder.«Ich bin ballett-, film- und theaterbesessen und habe einen Mozart-Fimmel». Sitert på nettstedet http://www.lottereiniger.de/lotte_reiniger/portrait.php Etter at ho flytta til Storbritannia for godt i 1949, fekk ho fleire kortfilmoppdrag fra både BBC og Telecasting America. Dette var filmar for barn, der ho, i biletform, siterte direkte frå den engelske silhuettkunstnaren Arthur Rackham sine Fairy Books.Warner (2012), s. 400
1916–1922: Teaterskole og tidlege animasjonsforsøk I påska 1916 høyrde ho Paul Wegener halda forelesinga «Neue Kinoziele» (norsk 'nye kinomål'), om dei fantastiske moglegheitene innan animasjonsfilmen. Forelesinga gjorde sterkt inntrykk på henne. Ho har seinare skrive at dette foredraget avgjorde framtida hennar.Reiniger sitert i Happ (2004), s. 10 Ho ville læra meir av denne mannen. Ho overtalte foreldra sine til å la ho gå på teaterskolen som var knytt til Das deutsche Theater i Berlin, teateret der Max Reinhardt var sjef, og der Wegener var tilsett. Ho var elev ved teaterskolen i 1916–1917. Medan ho var der, fekk ho òg prøva seg som statist. I pausane klipte ho silhuettportrett av dei ulike skodespelarane. Silhuettane vekte oppsikt og beundring, og vart utgjevne i ein eiga bok, Schauspieler Silhouetten i 1916 eller 1917.Denne boka, eller heftet, er omtalt i fleire kjelder, men ingen bibliografiske opplysingar er oppgitt. Wegener vart òg oppmerksam på henne. Han lét henne vera statist i nokon av filmane sine, og etter kort tid fekk ho klippa silhuettar til tekstplakatane i Wegener sin spelefilm Rübezahls Hochzeit, som han regisserte saman med Rochus Gliese. Reiniger samarbeidde med Gliese om fleire filmar gjennom karrieren, realfilmar med silhuettsekvensar og spesialeffekter.
I 1918 fekk ho klippa animasjonsfigurar til Wegeners spelefilm Der Rattenfänger von Hameln (norsk 'Rottefangaren frå Hameln'), og i 1919 hjelpte han henne å få innpass ved Institut für Kulturforschung (norsk: Institutt for kulturforsking), eit eksperimentelt animasjons- og kortfilmstudio leidde av filmskaparen Hans Cürlis. Reiniger fortalde seinare at Wegener hadde sagt: «For guds skuld, hjelp meg å bli kvitt denne galne silhuett-jenta. Ho lagar svært gode silhuettar som roper etter animasjon! Kan de ikkje la henne laga ein film med desse silhuettane, på same måte som ein lagar teiknefilmer.»Reiniger sitert i Bendazzi (1999), s. 31 mini|Lotte Reiniger ved animasjonsbordet i 1922 Ved Institut für Kulturforschung møtte ho avantgarde-kunstnarar, som Berthold Bartosch og kunsthistorikaren Carl Koch, som ho gifta seg med i 1921, og som vart den viktigaste kreative medarbeidaren hennar.Schönfeld (2006), s. 174 Den første tida arbeidde ho saman med Bartosch på nokre undervisingsfilmar om geografi, for å læra animasjonsteknikken. Seinare fekk ho ansvaret for fleire filmar sjølv.Bendazzi (2015), s. 60 På denne tida var animasjonsfilm heilt nytt, men interesserte filmskaparar byrja å sjå på teknikken både i Europa, Japan og USA.Grace (2017), location 257 i Kindle-versjonen
Reiniger var i hovudsak sjølvlært som animasjonskunstnar. Ho hadde heller inga formell kunstutdanning. Ho hadde teke nokre kveldstimar ved ein privat kunstskole, men følte ikkje ho lærte det ho hadde bruk for i silhuettkunst og animasjonsfilmar der. Ho meinte det viktigaste var å utvikla ein slag «profilfantasi». Anatomien til figurane måtte transformerast til å sjåast og rørast i profil.
I motsetnad til Reiniger, meinte den amerikanske kollegaen hennar Walt Disney at kunstutdanning var viktig, og alle animasjonskunstnarane hans fekk kunstundervisning, organisert av filmstudioet. Disney meinte den beste måten dei kunne forbetra handverket sitt på, var ved å kopiera og overføra kunstverk til teikningar og teiknefilm.Grace (2017), loc. 487 (Kindle-versjon)
Den første sjølvstendige filmen til Reiniger ved instituttet var Das Ornament des verliebten Herzens (Ornamentet til det forelska hjartet) i 1919. Dette var ein kortfilm om to kjærastar og eit ornament som reflekterte kjenslene deira. Slike korte animasjonsfilmar vart viste før hovudfilmen under kinoførestillingar. Filmen, som berre var fem minutt lang, fekk svært god mottaking. Suksessen gjorde at Reiniger fekk mange nye samband og høve innanfor animasjonsindustrien. (årstal, utgåve ukjende)
Ho klipte og regisserte seks kortfilmar dei neste fire åra. Ektemannen produserte og fotograferte alle, og instituttet stod som produksjonsselskap.
Sjølv om Reiniger fekk god kritikk for filmane sine, gav dei lite inntekter, og i 1922 måtte instituttet slutta å produsera animasjonsfilmar.
Reklamefilmar
I tillegg til kortfilmane samarbeidde ho og ektemannen om nokre få reklamefilmar, som var betre betalt, blant anna Das Geheimnis der Marquisine (norsk 'Løyndommen til markisa'), ein to minutt lang film. Filmen viser korleis ei ung adelskvinne (markise) oppnår ven hud med Nivea hudkrem og såpe. Silhuettane i filmen er kvite mot svart bakgrunn.
Reklamefilmane vart produsert av Julius Pinschewer sitt selskap Werbefilm GmbH. Pinschewer var sjølv ein av dei fyrste animasjonskunstnarane i Tyskland, og det var mykje på grunn av han at animasjonsfilmar fekk merksemd i Weimar-tida.Grace (2017), Location 450 i Kindle-versjonen
1923–1926: Die Abenteuer des Prinzen Achmed mini|Frå Die Abenteuer des Prinzen Achmed med etterfarga bakgrunn (Lotte Reiniger/Primrose Productions)
I 1923 vart Reiniger kontakta av bankmannen Louis Hagen. Han hadde sett nokon av kortfilmane hennar, og tilbaud å finansiera ein heilaftens silhuettfilm. Reiniger er sitert med følgjande utsegn: «Vi måtte tenkja oss om to gonger. Dette var noko ein aldri hadde høyrt om. Animasjonsfilmar skulle helst få folk til å brøla av latter, og ingen hadde tort å underhalda eit publikum med dei i meir enn ti minutt. Alle vi snakka med i bransjen om forslaget, var sjokkerte». Reiniger tok likevel utfordringa. Hagen ynskte ikkje at filmen skulle produserast ved instituttet, så han innreia eit atelier for henne og medarbeidarane hennar på toppen av sin eigen garasje. Ho fekk frie hender, og resultatet vart Die Abenteuer des Prinzen Achmed, ferdigstilt i 1926, etter tre års arbeid. Handlinga var samansett av historier frå Tusen og ei natt. Den heilaftens animasjonsfilmen til Reiniger vart til heile 11 år før Walt Disney-filmen Snow White and the Seven Dwarfs hadde verdspremiere i 1937.
Den eldste kjende animasjonsfilmen er argentinske El Apóstol frå 1917, men denne filmen, som varte litt over ein time, er forlengst tapt. Det er dessutan usikkert om dette var ein spelefilm.Bendazzi (1994), s. 50 Die Abenteuer des Prinzen Achmed er dermed den eldste animasjonslangfilmen som enno eksisterer, om enn i ein restaurert versjon.