Alla Borisovna Pugatsjova () er ein russisk songar som har vunne mykje popularitet i og utanfor Russland. Bakgrunn Pugatsjova vart fødd i Moskva i 1949 som dotter av Boris Mikhailovitsj Pugatsjov og Zinaida Arkhipovna (fødd Odegova) Pugatsjova.Alla Pugacheva . IMDb. Henta 27. juni 2010. Ho vart elev ved musikkskule nr. 31 i 1956, og studerte så ved musikkhøgskulen Ippolitov-Ivanov. Ho studerte så ved skule nr. 496, og avslutta studiane sine her i 1964.

I 1966 turnerte Pogatsjova med gruppa Junost' ('Ungdom') i Vest-Sibir. Året etter byrja ho som pianoakkompagnatør ved den statlege sirkusmusikkhøgskulen. Ho song hovduvokal i fleire ulike musikkgrupper, som Novy Elektron, som var del av Lipetsk statlege filharmoniske selskap, i 1966, Moskvitsji i 1971, Oleg Lundstrem si gruppe i 1972–73 og Vesiolyje rebjata i 1974–75. I denne perioden spelte ho også inn songar for ei rekkje filmar.Collection of her songs from movies , russiandvd.com. Retrieved 10 October 2013. I 1977 spelte Pugatsjova hovudrolla i musikalfilmen 'Kvinna som syng' (, Zjenstsjina, kotoraja pojot) i lag med musikkgruppa Ritm. Pugatsjova var med på å skriva filmmusikken, som inkluderte ein ballade med same tittel som filmen. I filmen spelte Pugatsjova ein kjend popsongar som ofra privatlivet sitt for karrieren. Publikum såg på filmen som sjølvbiografisk. Både filmen og musikken vart særs populære, med eit rekordpublikum på 55 millionar. I 1978 vann Pugatsjova rav-nattergalprisen for songen «Vsyo mogut koroli», noko som då tydda at ho automatisk vann Grand Prix ved Intervision Song Contest.Międzynarodowy Festiwal Piosenki Polskiej- Sopot Festival , pesnyagoda.by.ru. Henta 17. mai 2015. Dette var eit sovjetisk alternativ til Eurovision.

I løpet av 1980-talet vitja Pugatsjova ofte Stockholm. Ho hadde fyrst fleire gjesteframføringar på det populære radioprogrammet Galaxen, dirigert av Jacob Dahlin, og var seinare fleire gonger med på fjernsynsprogrammet hans Jacobs Stege. Dahlin og Pugatsjova framførte fleire duettar saman. I Stockholm spelte Pugatsjova inn eit album på engelsk, gjeve ut av World Record Music i Sverige som Watch Out og av Melodija i Sovjetunionen som Alla Pugacheva in Stockholm.

Pugatsjova representerte Russland i Eurovision Song Contest 1997 med songen «Primadonna» og vart der nummer 15 av 25 deltakarar.http://www.eurovision.tv/page/history/by-year/contest?event=312

Omdøme På slutten av 1970-åra vart Pugatsjova ein av dei mest elska artistane i Russland for sin «klare mezzosopran og evner til å vise genuine kjensler».Alla Pugacheva biography ARTISTdirect.com

Den viktigaste tittelen gjeven til Pugatsjova er tittelen «Folkets kunstnar i Sovjetunionen», som var den høgaste utmerkinga ein kunne tildele ein musikk-kunstnar i Sovjetunionen, og som ho vart tildelt i 1991. Medan ho allereie var tildelt dei lægre titlane «Æreskunstnar i Den russiske sovjetrepublikken» og «Folkets kunstnar av Den russiske sovjetrepublikken» i høvesvis 1980 og 1985, var styresmaktene meir nølande til å tildele Pugatsjova den høgste æra, etter som tidlegare fråsegner og handlingar frå hennar side i stor grad var motstridande med synet til kommunistpartiet.Alla Pugacheva biography, artistdirect.com. Henta 17. mai 2015.Profile , intermedia.ru. Retrieved 8. juni 2015.

15. april 2009, på 60-årsdagen til Pugatsjova, var ho tildelt «Fedrelandets fortenestorden av 3. klasse» av den russiske presidenten Dmitrij Medvedev.Указ Президента Российской Федерации от 8 апреля 2009 года № 358 «О награждении орденом „За заслуги перед Отечеством“ III степени Пугачевой А. Б.»

Privatliv I 1969 gifta Pugatsjova seg med den litauiske sirkusartisten Mykolas Orbakas og i 1971 fekk dei dottera Kristina Orbakaitė, som også er ein populær songar.Celebrity and Glamour in Contemporary Russia: Shocking Chic Etter fire års ekteskap skilde Pugatsjova seg frå Orbakas i 1973. I 1976 gifta Pugatsjova seg med filmregissøren Aleksandr Stefanovitsj og spelte hovudrolla i fleire av filmane hans. I 1980 braut dei ekteskapet.

I 1985 gifta Pugatsjova seg med produsenten Jevgenij Boldin, som ho tidlegare hadde hatt profesjonelle samarbeid med. I løpet av ekteskapet med Boldin, hadde ho ein profesjonell og romantisk relasjon med den unge musikaren og songaren Vladimir Kuzmin. I 1993 skilde ho seg frå Jevgenij Boldin og uttala at deira profesjonelle liv påverka deira personlege liv for mykje.

I 1994 gifta Pugatsjova seg med popsongaren Filipp Kirkorov. I november 2005 vart det annonsert at dei skulle skilje seg.

23. desember 2011 gifta Alla Pugatsjova seg med komikaren og programleiaren Maksim Galkin. 23. september 2013 vart paret biologiske foreldre til tvillingane Jelizaveta og Harry. Borna fekk dei ved hjelp av ei surrogatmor.

Kommentarar om krigen i Ukraina I mars 2014 skreiv Pugatsjova under på eit opprop mot forfølginga av Andrej Makarevitsj, som protesterte mot den russiske annekteringa av Krimhalvøya og krigen i Donbas.Pugachev and other leaders are asked to stop harassment by Makarevich Crimea , Ukrajinska Pravda (28. mars 2014)

I mars 2022 drog Pugatsjova og Galkin frå Russland til Israel etter at Russland invaderte Ukraina. I august 2022 vende Pugatsjova tilbake til Russland for å «rydda opp rotet og ordna ting». I september 2022 uttalte ho seg mot invasjonen for fyrste gong, etter at ektemannen var blitt erklært som «utanlandsk agent». Med ein post på Instagram sende ho den fyrste sterke politiske meldinga si nokonsinne der ho fordømte krigføringa, forsvarte ektemannen og bad staten om å erklæra henne også som «utanlandsk agent».

Prisar og utmerkingar

Ordenar 2. klasse av Fedrelandets fortenestorden (15. april 1999) 3. klasse av Fedrelandets fortenestorden (15. april 2009) Dostluq-ordenen (Aserbajdsjan, 4. september 2009) Sankt Mesrop Mashtots-ordenen (Armenia, 26. september 2009) 4. klasse av Fedrelandets fortenestorden (17. april 2014)

Titlar Folkets kunstnar i Sovjetunionen (20. desember 1991) Folkets kunstnar av Den russiske sovjetrepublikken (1985) Æreskunstnar i Den russiske sovjetrepublikken (1980) Æresborgar av byen Makhatsjkala (2006)

Prisar Den russiske føderasjons statspris (7. juni 1995) – For framifrå bidrag til utviklinga av kunst og litteratur. Gjennom kunst – mot fred og forståing (7. juli 2006)

Diskografi Album

Zerkalo dusji (1976) Arlekino i drugije (1979) Podnimis nad sujetoj! (1979) To li jesjtsjo budet ... (1980) Kak trevozjen etot put (1982) Ah, kak khotsjetsia zjit (1985) Watch out (1985) …Stsjastja v litsjnoj zjizni! (1986) Prisjla i govorju (1987)

Alla (1990) Rozjdestvenskije vstretsji I (1991) Rozjdestvenskije vstretsji II (1992) Ne delajte mne bolno, gospoda (1995) Da! (1998) Retsjnoj tramvajtsjik (2001) Zjivi spokojno, strana! (2003) Priglasjenije na zakat (2008)

Filmografi

Zjensjtsjina, kotoraja pojot (1978) Pena (1979) Ljubovju za ljubov (1983) Prisjla i govorju (1985) Kak stat zvezdoj (1986) Sezon tsjudes (1985)

Dzjulija (1992) Staryje pesni o glavnom 2 (1995) Staryje pesni o glavnom 3 (1998) Za dvumja zajtsami (2004) Korolevstvo krivykh zerkal (2007) Sjtsjelkuntsjik i Krysinyj Korol (2010)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alla Pugatsjova» frå , den 17. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske songarar Kategori:Russiske skodespelarar Kategori:Russiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1997-deltakarar