Kjersti Berge () er ein norsk skodespelar, musikar og komikar kjend frå humorgruppa Kvinner på randen.

Utdanning og yrkeskarriere Berge er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium og Musikkonservatoriet i Oslo.

Ho har arbeidd som frilansskodespelar og songar på fleire norske teaterscener sidan 1985. Ho har òg medverka i ulike musikalar, kabaretar og revyar. Saman med Elisabeth Moberg og Marit Voldsæter danna ho i 1996 trioen Kvinner på randen.Kvinner på randen i Store norske leksikon. Besøkt 4. februar 2017. Trioen har hatt suksess både på scena og på TV. Han var første gong å sjå på NRK TV i 1998. I 2003 var dei forgrunnsfigurar i humorserien Taxi, Taxi. I 2007 lanserte ho sitt eige sceneshow kalla Shukahara.

Berge har sidan 2007 vore knytt til Fargespill, eit fleirkulturelt kunstnarisk prosjekt i Bergen som starta verksemda si i 2004. Ho var først med som produsent og frå 2008 som dagleg leiar og produsent.

Familie Berge er gift med gitaristen, gitarbyggjaren og høgskulelæraren Egil Haugland (1959).

TV-framferder

2003 Taxi, Taxi (ulike roller) 2003 Først & sist (gjest) 2001 Den store klassefesten (gjest) 1998 Kvinner på randen (ulike roller) 1990 Melodi Grand Prix 1990 (Damer Og Herrar) 1990 Which Witch Turné 90' (Anna Regina)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kjersti Berge» frå , den 17. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske pianistar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske skodespelarar