Iren Reppen () er ein norsk skodespelar, tekstforfattar og songar. Ho er tilsett som skodespelar ved Det Norske Teatret.

Reppen er oppvaksen i Harstad, og gjekk på Statens Teaterhøgskole i perioden 1987 til 1990. Ho hadde scenedebuten sin i 1990 som Julie i Romeo og Julie på Trøndelag Teater. Reppen har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 1992, men er òg kjend frå ulike oppdrag for NRK TV og nyvinninga Det e hardt å være mainn.Iren Reppens oppsetninger ved Det norske teateret Iren Reppen var teatersjef for Hålogaland Teater frå 2009 til 2013. Ho var medlem av Norsk kulturråd i perioden 2012 til 2015.kulturradet.no Rådet, Iren Reppen

De' e' hardt å være mainn Det e hardt å være mainn er ein kabaret som hadde urpremiere under Festspillene i Nord-Norge i 1994, og hennar eigne tekster frå denne førestillinga har seinare vorte til plata Det e hardt å være mainn. Ho hadde førestillinga saman med dansaren Jo Strømgren. Dei reiste på turné med denne med Riksteateret i Nord-Noreg i 1995, og førestillinga vart òg sett opp på Det Norske Teatret om hausten det året. Songtekstane skreiv ho i 1992, og desse handlar om makt, kjønn og kjærleik presentert på ein ironisk måte. Musikken er komponert av Svein Gundersen.

Harald Eia brukte figuren «Kattekvinnen» frå kabareten i komiserien Åpen post.

I samband med bryllaupet til kronprins Håkon og Mette-Marit fekk dei ei CD-samling i gåve. Det e hardt å være mainn var ein av desse.

Det er hardt å være 2 kom som ein slag oppfølgjar i 2004. Dette var eit bestillingsverk frå Harstad kulturhus. I denne tilstellinga var det òg med ein dansar, denne gongen Lars Jacob Holm, og eit band. Førestillinga turnerte i regi av Riksteatret.

Teater Eit utval større roller:

1990-92 Trøndelag Teater

1990: Julie i «Romeo og Julie», 1992: Anne i «Anne Franks dagbok».

1992-2007 Det Norske Teateret

1992: Adele i «Bernarda Albas Hus», Lorca 1993: Irina i Stein Winges «Tre Systrer», Tsjekov 1994: Cressida i «Trolius og Cressida», Shakespeare 1994: Lillebror i «Karlson på taket», Astrid Lindgren. 1996: Hedda i «Hedda» av H. Ibsen, regi Stein Winge 1996: Helena i «Ein midtsommernattsdrøm», regi: Silvio Purkarete. 2000: Laura Isaksen i musikalen «Bør Børson» 2001: Rebekka i Line Knutzons «Snart kjem tida». 2001: Lise i musikalen «Antons villfaring» av Jan Eggum og Erlend Loe 2003: «Musikal Musical» (Et potpurri med musikal-sanger) 2003/2004: Maggie i musikalen «Frendelaus» 2004: Ingrid i dramatiseringen av Duuns «Juvikfolke» 2005: Anna Petrovna i Tsjekovs «Ivanov» 2005: Revyen «Det folk vil ha» av og med Are Kalvø 2006: Cabaret: «Danse samba med meg» av Cornelis Vreeswijk 2006: «Verdas mest forelska par» av Rune Belsvik, to ulike roller. 2007: Belise i «Lærde damer» av Molière, regi: Hilda Helwig 2007: «Den arabiske natta» av Ronald Schimmelpfennig, regi: Jon Tombre 2014: Parmakar og Fromme Sara i «Spelemann på Taket», regi Erik Ulfsby 2014: «Eit hav av slike som Kaspar Hauser» Regi: Hilde Brinchmann 2015: Jon Fosses Draum om Hausten. Regi: Trine Wiggen

2009- Hålogaland Teateret

2009: Teatersjef frå 1. januar. 2009: Regissør i konsertførestillinga «20 Teddy uten filter». 2011: Regi Karius og Baktus med Ketil Høegh og Hallvard Holmen i rollene 2012: Madame Thénardier i musikalen «Les Misérables», regi Matthias Davids 2012: Moren i «Alexander den store», regi Jon Tombre

2016- Riksteateret

2015: Lona Hessel i Ibsens Samfunnets Støtter. Regi : Peter Langdal 2018: Edith i Arthur Millers Prisen. Regi Kjetil Bang-Hansen

Diskografi - CD 1996 Det e hardt å være mainn (eigne tekstar, musikk Svein Gundersen) (også sceneforestilling) 2000 Nattas prinsesse (songtekstar av Nina Valsø, musikk av Frode Fjellheim

Diskografi - radio De tøffeste gutta (høyrespel, NRK Barneradioen) «Regine» i Gjengangere av Henrik Ibsen (Radioteatrets arkiv 1995) «Bente» i Markus og rappen frå Markus 1 og 2 av Klaus Hagerup (hørespill) «Signe» i Banevokterens døtre (høyrespel, NRK Barneradioen, dramatisert i 1998) 1999 Jobs Bok (drama etter forteljinga i Det gamle testamentet)

Filmografi 1990 For dagene er onde, regi Eldar Einarson 1991 Seks Personer Søker En Forfatter, NRK Drama, regi: Pål Løkkeberg 1992 Krigerens hjerte, regi Redulf Risan 1992 Kortfilm: Nattkino 1994-95 Vestavind, NRK Drama, Gun, regi: Per Bronken 1995 Balto (stemme) 1996 Det e hardt å være mainn, NRK Underholdning, regi: Marit Moum Aune 1997 Nini, NRK Drama, serie, hovudrolla som Nini, regi: Nils Gaup 1997 Herkules (stemme) 1999 Alle Borte, NRK underholdning, programleiar 2001 Shrek – Prinsesse Fiona (stemme) 2001 Nini - den stille uke, NRK Drama, hovudrolla som Nini, regi: Eva Isaksen 2003 Musikal musical, NRK Drama, Transmisjon av teater, regi Daniel Bohr 2004 Shrek 2 – Prinsesse Fiona (stemme) 2005 Elias - Elias kommer til Lunvik- Helinor (stemme) 2007 Der Letzte macht das Licht aus! (tysk spillefilm), regi Clemens Schönborn 2007 Olsenbanden jr. Sølvgruvens hemmelighet, Monica von Klemm, regi Arne Lindtner Næss 2007 Andre omgang, regi Hilde Heier 2008 Rolle i kortfilmen Opptur, regi Ketil Høegh, (originalfilm) 2008 Himmelblå, NRK Drama, regi Eva Dahr 2012 Gnade (norsk-tysk spelefilm), regi Mathias Glasner 2012 Flukt (2012)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Iren Reppen» frå , den 17. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske songarar