mini|Nesset prestegard Nesset prestegard ligg 3 kilometer sørvest for tettstaden Eidsvåg, på sørsida av Langfjorden i Molde kommune.
Prestegarden er særleg kjend for å vere barndomsheimen til forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson. Faren Peder Bjørnson var sokneprest her frå 1837 til 1853. Bjørnstjerne budde i Nesset til 1844. Då flytta han til Molde og byrja på gymnaset. Bondesamfunnet og naturen i Romsdalen skulle få stor innverknad på diktinga til Bjørnson.
Prestegarden har blitt utvikla i eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet som museumsfagleg konsulent og Opplysningsvesenets fond som eigar. Prestegarden er kommunens tusenårsstad. I 2019 vart garden seld til Romsdalsmuseet.Opplysningsvesenets fond: En modell og en viktig milepæl Presten i Nesset har ein ny bustad frå 2016.Opplysningsvesenets fond: Nesset nye prestebolig
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nesset prestegård» frå , den 20. september 2019.
Bakgrunnsstoff
Nesset kommune – Nesset Prestegard Romsdalsmuseet: Nesset prestegard - Bjørnstjerne Bjørnson sin Barndomsheim
Kategori:Kulturminne i Molde Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Museum i Møre og Romsdal Kategori:Gardar i Møre og Romsdal Kategori:Bjørnstjerne Bjørnson Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal