Alfred Mathias Grønneberg () var ein norsk urmakar og politikar frå Tjølling i Vestfold, busett i Fredrikstad. Han representerte partiet Høgre på Stortinget 1937-45, vald frå kjøpstadene i Østfold og Akershus.

Grønneberg var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han 1894-98 i urmakarlære i Sandefjord. I 1907 løyste han handverks- og handelsbrev og slo seg ned i Fredrikstad som urmakar og optikar.

I Fredrikstad var Grønneberg medlem i bystyret frå 1922 til 1934. Han var elles formann i Norges Urmakerforbund 1930-41 og 1945-46, styremedlem i Fredrikstad Sparebank frå 1932, og ei tid formann i Speidernes fellesråd.

Hausten 1936 vart Grønneberg vald til stortingsmann frå dei fire byane Halden, Sarpsborg, Fredrikstad, Moss og Drøbak. Høgre-representanten hadde sete 1937-45 i Administrasjonkomiteen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Østfold og Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Lokalpolitikarar i Fredrikstad Kategori:Høgrepolitikarar i Østfold Kategori:Folk frå Larvik Kategori:Folk frå Fredrikstad