DS «Anna» (kallesignal LERL) var eit dampskip bygt i 1895 som slepebåt for Hans Olsen i Bergen. I 1903 vart båten omdøypt «Rhea».
Historie I 1899 vart båten kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 18 630 kroner. I 1903 vart båten omdøypt «Rhea», eit namn båten hadde til han vart ombygd til lekter eller kai i 1961.
BDS kjøpte inn slepebåten etter kvart som skipa i Bergen hamn vart større og traffikken auka. Båten vart selt i juli 1910 til Johan Muller i Bergen, som frå januar 1917 hadde båten i selskapet A/S Victor Muller fram til oktober 1955. Det året tok Gustav Hansen over båten. I januar 1961 kjøpte BDS attende båten, før han i oktober 1961 vart selt til Einar Cook i Bergen for å få maskin og utstyr demontrert. Same månaden vart båten selt til Måløy for å brukast som lekter eller kai.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 29 bruttoregistertonn og 14 nettoregistertonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin. Oppgjeven yting var 72 iHk (indikerte hestekrefter) og 16 nHk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 8 knop.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1895 Kategori:Skip sluttsegla i 1961