Basismat, basismatvare eller basiskost er ein mattype som blir eten til vanleg og i så store mengder at han utgjer ein viktig del av eit standard kosthald for ei viss gruppe menneske. Basismaten tilfører ein stor del av energien og som regel også store delar av næringsstoffa folk treng. Vanlege basismatvarer i verda er kornslaga ris, kveite, mais, hirse, durra, rotfrukter som potet, maniok, jams og taro, og dyreprodukt som egg, mjølkeprodukt, fisk og kjøt. Belgfrukter som linser, bønner og erter er også viktige basismatvarer fleire stader i verda.

Biletdøme

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Staple food» frå , den 21. september 2019.

Kategori:Mat Kategori:Kosthald