Having a Rave Up with the Yardbirds eller berre Having a Rave Up, er det andre amerikanske albumet til den engelske rockegruppa The Yardbirds. Det kom ut i november 1965, åtte månader etter Jeff Beck erstatta Eric Clapton på gitar. Det inneheld songar med begge gitaristane og syner bluesrockrøtene og dei tidlege eksperimenta med psykedelisk rock og hardrock. Tittelen syner til det drivande «rave up»-arrangementet bandet brukte på fleire songar.

Albumet inneheld nokre av dei tidlegaste konsertopptaka med Clapton. Desse vart spelte inn i mars 1964 og kom ut på det britiske debutalbumet deira, Five Live Yardbirds, som ikkje kom ut i USA. Songane med Beck vart spelte inn i studio i månadane etter han kom med i bandet i mars 1965. Desse omfattar fleire hitsinglar og introduserte «The Train Kept A-Rollin'», eit av dei mest kopierte Yardbirds-arrangementa. Sjølv om dei fleste songane ikkje var skrivne av gruppa, vart dei mykje spelte av gruppa på konsertane deira fram til etter Jimmy Page erstatta Beck.

I tillegg til Greatest Hits-plata deira frå 1967, er Having a Rave Up det albumet deira som nådde høgast på den amerikanke albumlista. I nyare tid har albumet ofte blitt gjeve ut med bonusspor, som den neste singelen «Shapes of Things», demoinnspelinga for det neste albumet deira, og «Stroll On», med sologitar av både Beck og Page. Fleire musikkskribentar har lagt vekk på kor innverknadsrikt albumet var, særleg hardrockgitaren. Magasinet Rolling Stone kalla det «brua mellom beatgrupper og psykedelia».

Innhald

Medverkande The Yardbirds Keith Relf – vokal, munnspel, akustisk gitar, perkusjon Jeff Beck – sologitar (Side 1) Eric Clapton – sologitar (Side 2) Chris Dreja – rytmegitar Paul Samwell-Smith – bassgitar, korvokal, musikalsk leiar Jim McCarty – trommer, korvokal med: Giorgio Gomelsky – plateprodusent, bassrøyst på «Still I'm Sad» Ron Prentice – bass på «Heart Full of Soul»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Having a Rave Up» frå , den 30. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:The Yardbirds-album Kategori:Album produserte av Giorgio Gomelsky Kategori:Epic Records-album Kategori:Album spelte inn i IBC Studios 355