Roger the Engineer (opphavleg gjeve ut i Storbritannia som Yardbirds og i USA, Tyskland og Frankrike som Over Under Sideways Down) er eit album av det engelske rockebandet The Yardbirds. Det vart spelt inn og gjeve ut i 1966, og er det einaste Yardbirds-albumet med gitaristen Jeff Beck på alle spor og berre originale songar. Det vart produsert av bassisten Paul Samwell-Smith og manageren Simon Napier-Bell.

Sjølv om den britiske utgåva av albumet framleis vert kalla Yardbirds i offentlege kjelder som Official Charts Company, har det sidan halvoffisielt blitt kalla Roger the Engineer, ein tittel som kjem av at teikninga på plateomslaget av lydteknikaren på plata, Roger Cameron, av bandmedlemmet Chris Dreja.

Det er det einaste Yardbirds-albumet som gjekk inn på UK Albums Chart, der det nådde 20. plassen. I USA nådde det 52. plassen på Billboard 200. Den mest kjende songen på albumet, «Over Under Sideways Down», kom ut på singel i mai 1966, to månader før albumet kom.

Albumet er med i boka til Robert Dimery, 1001 Albums You Must Hear Before You Die. I 2012 vart albumet rangert på 350. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Innspeling Singelen «Over Under Sideways Down» og B-sida «Jeff's Boogie» vart spelte inn i Advision Studios i London den 19–20. april 1966. Resten av albumet vart spelt inn frå 31. mai til 4. juni 1966, òg i Advision. Paul Samwell-Smith og Simon Napier-Bell produserte albumet, og det kom ut på Columbia Graphophone Company i Storbritannia den 15. juli 1966 og på Epic Records i USA den 18. juli 1966.

Ettermæle

Stephen Thomas Erlewine skreiv i ei seinare melding for AllMusic at albumet er det beste studioalbumet til The Yardbirds med «noko av den beste psykedeliaen deira», men ikkje «blant dei aller beste albuma i perioden».

Rolling Stone rangerte albumet på 349. plassen i 2003 og 350. plassen i 2012 på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Innhald

Amerikansk utgåve

Medverkande The Yardbirds Keith Relf – solovokal (utanom «The Nazz Are Blue»), munnspel Jeff Beck – sologitar, solovokal på «The Nazz Are Blue», bassgitar (2) Chris Dreja – rytmegitar, korvokal, piano Paul Samwell-Smith – bassgitar (alle utanom 2), korvokal Jim McCarty – trommer, korvokal, perkusjon Plateomslag Chris Dreja – design og illustrasjon Jim McCarty – tekst i omslaget

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Roger the Engineer» frå , den 31. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:The Yardbirds-album Kategori:Album produserte av Paul Samwell-Smith Kategori:EMI Columbia Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:Repertoire Records-album 350