mini|Påskekorg med raudfarga påskeegg frå den ortodoskse kristen tradisjonen i Makdeonia. Påskekorg er ulike dekorerte korger brukte til påskemarkeringar og fylt med matvarer som påskeegg og eventuelt gåver avhengig av kultur.

Tradisjonar Polen mini|venstre|Signing av påskekorger i Polen. mini|Polsk påskekorg for signing. Święconka er ein polsk påsketradisjon der påskekorger blir signa i kyrkja eller av ein vitjade prest på påskeaftan. Deretter set ein korgene til side til påskedag.

Ein legg typisk ein kvit duk eller eit blondetørkle i korga og pynter henne med eviggrøne kvistar. Korga inneheld ulike matvarer som ein får signa i kyrkja på påskeaftan. Typiske matslag er egg, salt, olje, eddik, peparrot, ost, skinke og kielbasa-pølse, kaker, særleg babka, og eit påskelam i smør, kjend som baranek. Maten blir som oftast delt ut av familieoverhovudet på påskedag til familie og vener.

Tradisjonen har røter som kan førast tilbake til 600-talet, men ein tok i bruk brød og egg frå 1100-talet.Ks, Marian Pisarzak MIC. Błogosławienie pokarmów wielkanocnych. Kontekst paschalny i postny. op. cit. Błogosławieństwo pokarmów i napojów wielkanocnych w Polsce. Studium historyczno-liturgiczne. Warzsawa 1979, s. 378. [przypisy tamże]

USA mini|Jente med påskekorg og egg. Påskekorger i USA blir ofte gjevne til barn fulle av godteri, leiker og andre gåver. Dei blir ofte sagt å koma frå påskeharen. Korgene er gjerne dekorerte. Ein kan også bruka liknande korger til påskeeggsanking, der barn blir sende ut for å finna gøymde eller spreidde egg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Easter basket» frå , den 31. mars 2018.

Kategori:Påske Kategori:Korger