«Evil Hearted You» er ein song frå 1965 av den engelske rockegruppa The Yardbirds. Han vart skriven av Graham Gouldman, som òg skreiv dei to førre singlane til gruppa, «For Your Love» og «Heart Full of Soul». Musikkritikarane Cub Koda skildrar songen som ein «popklassikar i moll» og gitarsoloen til Jeff Beck som «halvt om halvt klassisk og musikken til James Bond».
I ei melding for AllMusic kalla Richie Unterberger songen «ein av dei dystraste hitsinglane i heile 60-talsrocken frå Storbritannia» og la til:
The Yardbirds spelte inn songen i Advision Studios i London, den 23. august 1965. Då han kom ut 1. oktober 1965 i Storbritannia vart han ein del av ei dobbel A-side med «Still I'm Sad» på andre sida. Record Retailer-lista tok med begge sider og førte han opp på tredjeplassen. NME si singelliste rapporterte songane kvar for seg med «Evil Hearted You» på 10. plassen og «Still I'm Sad» på niande. Songen kom ikkje ut på singel i USA, men var med på albumet Having a Rave Up, som kom ut 15. november 1965.
Songen vart seinare spelt inn av The Human Beinz og Pixies, som song teksten på spansk. Versjonen deira finst som B-sida til «Planet of Sound» (1991) og på albumet Complete 'B' Sides (2001).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Evil Hearted You» frå , den 31. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:The Yardbirds-songar Kategori:Songar skrivne av Graham Gouldman Kategori:Columbia Graphophone Company-singlar Kategori:Pixies-songar