The Eagles er eit USA-amerikanske rockeband som vart danna i Los Angeles i 1971 av Glenn Frey, Don Henley, Bernie Leadon og Randy Meisner. Med fem singlar på toppen av singellista i USA, seks Grammy-prisar, fem American Music Award og seks album på toppen av albumlista i USA, var the Eagles ei av dei mest suksessrike musikkgruppene i 1970-åra. Mot slutten av 1900-talet var to av albuma deira, Their Greatest Hits (1971–1975) og Hotel California, rangert blant dei 20 mestseljande albuma i USA i følgje Recording Industry Association of America. Hotel California er rangert på 37. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og bandet vart rangert på 75. plassen på lista til magasinet frå 2004 over dei 100 beste artistane gjennom tidene.
The Eagles er eit av dei mestseljande banda gjennom tidene, med meir enn 150 millionar selde plater—100 million i USA aleine- inkludert 42 millionar eksemplar av Their Greatest Hits (1971–1975) og 32 millionar eksemplar av Hotel California. Their Greatest Hits (1971–1975) vart det mestseljande albumet på 1900-talet i USA. Dei er den femte mestseljande artisten og det mestseljande bandet i amerikansk historie.
The Eagles gav ut debutalbumet sitt i 1972, som gav dei tre singlar på topp 40: «Take It Easy», «Witchy Woman» og «Peaceful Easy Feeling». Det meste albumet, Desperado (1973), var mindre suksessrikt enn det første, og nådde berre 41. plassen på listene, og ingen av singlane nådde topp 40. Men albumet inneheldt to av dei mest populære songane til bandet: «Desperado» og «Tequila Sunrise». Dei gav ut On the Border i 1974, og gitaristen Don Felder kom då med halvvegs i innspelinga av albumet. Albumet gav dei to hitsinglar: «Already Gone» og den første førsteplassen deira i USA, «Best of My Love».
Det var ikkje før i 1975 med One of These Nights at the Eagles utan tvil vart det største bandet i Amerika. Albumet inneheldt tre hitsinglar: «One of These Nights», «Lyin' Eyes» og «Take It to the Limit», der førstnemnde nådde toppen av singellista. Suksessen heldt fram og dei nådde det kommersielle høgdepunktet seint i 1976 då dei gav ut Hotel California, som selde meir enn 16 millionar eksemplar i USA aleine og meir enn 32 millionar på verdsbasis. Albumet gav dei ytterlegare to hitsinglar med «New Kid in Town» og «Hotel California». Dei gav ut det siste studioalbumet sitt på nesten 28 år i 1979 med The Long Run, med tre hitsinglar: «Heartache Tonight», «The Long Run» og «I Can't Tell You Why».
The Eagles vart oppløyst i juli 1980, men kom attende i 1994 for albumet Hell Freezes Over, som var ei blanding av konsertopptak og nye studioopptak. Dei har turnert i periodar sidan den gong og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998. I 2007 gav the Eagles ut Long Road Out of Eden, det første fulle studioalbumet deira på 28 år, og det sjette som nådde toppen av albumlista. Året etter la dei ut på turné for å marknadsføre albumet. I 2013 la dei ut på den lange History of the Eagles Tour i samband med dokumentarfilmen History of the Eagles.
Karrier Den første tida: 1971–73 The Eagles starta opp tidleg i 1971 då Linda Ronstadt og den dåverande manageren hennar John Boylan rekrutterte dei lokale musikarane Glenn Frey og Don Henley til bandet sitt. Henley hadde flytta til Los Angeles frå Texas med bandet sitt Shiloh (produsert av Kenny Rogers), og Frey hadde kome frå Michigan og danna Longbranch Pennywhistle. Dei møtte kvarandre i 1970 på The Troubadour i Los Angeles og vart kjende gjennom det felles plateselskapet deira, Amos Records. Randy Meisner, som hadde arbeidd i bandet til Ricky Nelson, the Stone Canyon Band, og Bernie Leadon, som hadde spelt med the Flying Burrito Brothers, kom med i gruppa til Ronstadt for sommarturneen hennar for å marknadsføre albumet Silk Purse.
Desse fire spelte berre ein gong i lag bak Ronstadt, for ein konsert i juli i Disneyland, men alle fire var med på albumet hennar, Linda Ronstadt. Med løyve frå Ronstadt bad Henley og Frey Leadon og Meisner om dei ønskte å danne eit band, og dei fekk etter kort tid kontrakt med Asylum Records, eit nytt selskap starta av David Geffen. Namnet på bandet vart foreslått av Leadon ein kveld i Mojaveørkenen med peyote og tequila, då han hugsa å ha lese om korleis hopi-indianarane æra ørna. Steve Martin, ein ven av bandet frå den første tida deira på The Troubadour, skreiv i sjølvbiografien sin at han føreslo at dei skulle kalle bandet «the Eagles», men Frey insisterte på at bandet skulle heite berre «Eagles». Geffen og partnaren Elliot Roberts var opphavleg managerar for bandet, men dei vart sidan erstatta av Irving Azoff.
Debutalbumet til gruppa vart spelt inn i England i februar 1972 med produsenten Glyn Johns. Det kom ut 26. juni 1972 og Eagles vart ein stor suksess frå starten av med tre hitsinglar. Den første singelen og opningssporet på albumet, «Take It Easy», var ein song skriven av Frey i lag med den dåverande naboen og musikarvenen Jackson Browne. Browne hadde skrive det meste av songen, fram til linja «I'm standing on a corner in Winslow, Arizona», der det stoppa opp for han. Frey la til den neste linja («It's a girl, my Lord, in a flatbed Ford») og Browne forsette til slutten av songen. Songen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og gjorde Eagles til stjerner. Singelen vart følgd opp av den bluesaktige «Witchy Woman» og soft-countryrockballaden «Peaceful Easy Feeling», som nådde høvesvis niande og 22. plassen på singellista i USA. På det neste albumet deira, Desperado, nytta dei eit Ville Vesten-tema som trekte samanlikningar mellom livsstilen til dei gamle fredlause cowboyane og moderne rockestjerner. Albumet var det første der gruppa synte ein hang til å skrive songar innafor eit konsept. Det var under innspelingane av dette albumet at Henley og Frey byrja å skrive musikk i lag. Dei skreiv åtte av dei elleve songane på albumet, inkludert «Tequila Sunrise» og «Desperado», to av dei mest populære songane på albumet. Bluegrass-songane «Twenty-One», «Doolin–Dalton» og balladen «Saturday Night» synte dugleiken til gitaristen Bernie Leadon på banjo, gitar og mandolin. Soga om den frykta «Doolin–Dalton»-gjenge frå Det ville vesten er hovudtemaet på albumet, som ein kan sjå i songane «Doolin–Dalton», «Desperado», «Certain Kind of Fool», «Outlaw Man», og «Bitter Creek». Albumet var ikkje like suksessrikt som det første, og nådde berre 41. plassen på Billboard 200 i USA, men gav to hitsinglar, «Tequila Sunrise», som nådde 61. plassen på Billboard Hot 100 og «Outlaw Man», som nådde 59. plassen. Henley og Frey skreiv ikkje berre dei fleste songane på dette albumet, og albuma som skulle kome, men tok på eit vis over leiinga i bandet, der Leadon og Meisner, som var meir erfarne musikarar, hadde hatt større påverknad i starten av karrieren til bandet.Hilburn, Robert (23. mai 1982). . Los Angeles Times. Henta 14. august 2015.
On the Border og One of These Nights: 1974–75 For det neste albumet deira, On the Border, ønskte Henley og Frey at bandet skulle bort frå countryrock-stilen og meir mot hardrock. Eagles starta først med Glyn Johns som produsent for albumet, men han la meir vekt på smørsida av musikken deira. Etter to songar var ferdiginnspelt, gjekk bandet til Bill Szymczyk, som produserte resten av albumet. Szymczyk ønskte ein hardare gitarstil for songen «Good Day in Hell» og bandet kom på barndomsvenen til Bernie Leadon, Don Felder, ein gitarist som hadde jamma med bandet i 1972 då dei varma opp for Yes i Boston. Felder fekk kallenamnet «Fingers» under denne jammen av Frey, eit namn som vart hengande ved han fordi han var ein dugande gitarist. I januar 1974 ringde Frey til Felder for å få han med på slidegitar på songen «Good Day in Hell» og bandet vart så imponert at dei inviterte han med i gruppa som den femte medlemmen dagen etter. Han var med på ein annan song på albumet, den livlege «Already Gone», der han speler gitar i lag med Frey. On the Border inneheld singelen «Best of My Love», som nådde toppen av listene 1. mars 1975. Songen vart den første av singlar som nådde toppen av singellista for Eagles. Songen syner den hardare, nye stilen som bandet fekk med Felder. Singelen «Already Gone» nådde 32. plassen på singellista i USA. Albumet inneheldt òg ein versjon av Tom Waits-songen «Ol' '55» og singelen «James Dean», som nådde 77. plassen på listene.
Bandet spelte på California Jam-festivalen i Ontario i California den 6. april 1974. Meir enn 300 000 menneske var til stades, i det som vart kalla «the Woodstock of the West Coast», og andre som spelte på festivalen var Black Sabbath, Emerson, Lake & Palmer, Deep Purple, Earth, Wind & Fire, Seals & Crofts, Black Oak Arkansas og Rare Earth. Delar av showet vart sendt på fjernsyn av ABC i USA, og eksponerte Eagles for eit breiare publikum. Felder gjekk glipp av konserten då han var med på fødselen til sonen sin. Jackson Browne steppa inn på piano og akustisk gitar.
The Eagles gav ut det fjerde studioalbumet sitt, One of These Nights, den 10. juni 1975. Det var det store gjennombrotet deira og gjorde dei til internasjonale superstjerner. Det var det første i ei rekkje på fire album som nådde toppen av albumlista i USA. Henley og Frey heldt fram å skrive dei fleste songane på albumet. Den første singelen var tittelsporet, som vart den andre singelen deira på toppen av singellista i USA. Frey har omtalt denne som hans favoritt Eagles-song. Den andre singelen var «Lyin' Eyes», som nådde andreplassen på lista og som bandet vann ein Grammy-pris for i kategorien beste popsong av ein duo eller ei gruppe med vokal. Den siste singelen var «Take It to the Limit», skriven av Meisner, Henley og Frey og med Meisner på solovokal. Songen nådde fjerdeplassen på lista og vart den første Eagles-singelen som selde til gullplate. Bandet la ut på ein stor verdsturné for å marknadsføre albumet. «One of These Nights» vart nominert til Grammy-prisen for årets album. Det var det siste albumet deira med Bernie Leadon, som slutta i gruppa i desember det året. Leadon mislikte den musikalske retninga bandet tok, sidan dei gjekk frå country, som han føretrekte, til rock and roll. Leadon skreiv to songar for albumet, «I Wish You Peace», i lag med kjærasten Patti Davis (dottera til guvernøren i California på den tida, Ronald Reagan, og Nancy Reagan). Den instrumentale «Journey of the Sorcerer» vart seinare nytta som kjenningsmelodi for BBC sine versjonar av The Hitchhiker's Guide to the Galaxy på radio og fjernsyn.
Erstattaren til Leadon vart offisielt annonsert den 20. desember 1975, gitaristen, songaren og klaverspelaren Joe Walsh, som hadde vore ein ven av bandet i fleire år. Han hadde tidlegare spelt med James Gang, Barnstorm, og hatt ein karriere som soloartist. Han hadde òg Azoff som manager og nytta Szymczyk som plateprodusent. Det var i starten uro om Walsh ville passe inn i bandet, sidan han vart rekna for å vere for «vill» for Eagles, særleg av Henley. Etter Leadon slutta forsvann den tidlege countrystilen til Eagles heilt bort, og bandet lente seg meir mot den røffare stilen til Felder og Walsh.
Tidleg i 1976 gav bandet ut det første samlealbumet sitt, Their Greatest Hits 1971–1975. Albumet vart det mestseljande albumet i USA gjennom tidene med meir enn 29 millionar eksemplar i USA aleine, og meir enn 42 millionar eksemplar verda over. Albumet sementerte statusen til gruppa som det mest suksessrike amerikanske bandet i 1970-åra.
Stor suksess med Hotel California: 1976–78 Den 8. desember 1976 kom Hotel California, som var det femte studioalbumet til gruppa, og det første med Walsh. Innspelinga av albumet tok eitt og eit halv år, ein prosess, som i lag med turneringa, tappa bandet for krefter. Den første singelen frå albumet, «New Kid in Town», vart den tredje singelen deira som nådde førsteplassen i USA.