Jennifer Suhr (), til 2010 Jennifer Stuczynski, er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Fredonia i delstaten New York, som vart olympisk meister i stavhopp i 2012 og vann OL-sølv i 2008 og VM-sølv i 2013 i same øvinga. 2. mars 2013 sette ho innandørs verdsrekord med 5,02 meter, ein rekord ho forbetra til 5,03 m 20. januar 2016.

Aktiv Stuczynski forbetra i 2007 landsrekorden i stavhopp til til 4,88 meter ved eit stemne i New York. Denne rekorden forbetra ho til 4,92 m ved dei nasjonale uttaka til Sommar-OL 2008. I dei olympiske sommarleikane i Beijing tok ho sølvmedaljen med 4,80 m, russiske Jelena Isinbajeva var i eiga klasse og sette verdsekord med 5,05 meter.

I friidretts-VM 2011 i Daegu i Sør-Korea kom Suhr på fjerdeplassen. Under Sommar-OL 2012 i London kneip ho gullmedaljen, framom Yarisley Silva frå Cuba. Begge utøvarane gjekk over 4,75 meter i andre forsøk, men eit riv av Silva på 4,45 m førte den cubanske kvinna ned på sølvplass. Den 2. mars 2013 smaug Suhr seg over 5,02 meter ved den amerikanske innandørsmeisterskapen i Albuquerque, innandørs verdsrekord med ein centimeter. I Moskva-VM 2013 vann Suhr sølvmedaljen med sine 4,82 m, nemnde Silva fekk bronse med same høgda, alt medan Isinbajeva tok seg over 4,89 m og vart verdsmeister.

30. januar 2016 flytta Suhr hallrekorden til 5,03 meter i Brockport, og i mars sigra ho i innandørs-VM i Portland med eit hopp over 4,90 m. Ho kvalifiserte seg til Sommar-OL i Rio de Janeiro, der ho vart nummer 7. År 2018 presterte ho årsbeste og utandørs livsbeste 4,93 meter i Austin. 2019-sesongen klarte ho 4,91 m, før ho med 4,70 m enda på ein fleirdelt sjuandeplass ved VM 2019.

I 2021 kom ho på femteplass i den nasjonale OL-kvalifiseringa. Ho la opp i 2022.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Nr 10 – 4,50 m OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 4,80 m, bakom Jelena Isinbajeva (5,05 m) VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 4,70 m OL 2012 i London: Gullmedalje – 4,75 m, framom Yarisley Silva (4,75 m) VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 4,82 m, bakom Jelena Isinbajeva (4,89 m) VM 2015 i Beijing: Nr 4 – 4,70 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 7 – 4,60 m VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa VM 2019 i Doha: Nr 7 – 4,70 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jenn Suhr» frå , den 15. august 2015. World Athletics

Kategori:Stavhopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Idrettsutøvarar frå delstaten New York