Jessica Ennis (), gift Hill i 2013, er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sheffield som internasjonalt tevla i mangekamp. Ho vart verdsmeister 2009 og 2015, europameister 2010 og olympisk meister 2012 i sjukamp. I den sistnemnde tevlinga, som fann stad på olympiastadion i London, sette ho britisk rekord med 6 955 poeng.
Aktiv Ennis deltok i 2006 ved samveldeleikane i Melbourne og forbetra sin personlege poengrekord i sjukamp med 359 poeng til 6 269 poeng, noko som sikra henne tredjeplassen i leikane. Under europameisterskapen i Göteborg nokre månader seinare kom ho på åttandeplass med 6 287 poeng. I 2007 vart ho britisk meister i så vel 100 meter hekk som høgdehopp. Etter å ha sett nytt personbeste i sjukamp med 6 399 poeng i sjukamp i polske Szczecin, heldt framgangen fram under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka i 2007, der ho med 6 469 poeng enda på fjerdeplassen.
Ein skade førte til at Ennis stod over Sommar-OL 2008. I mai 2009 sanka ho 6 587 poeng då ho sigra i eit mangekamp-stemne i Desenzano del Garda. Den 16. august vart ho suveren verdsmeister i sjukamp i Berlin med 6 731 poeng. Året etter forbetra ho den personlege rekorden til 6 823 poeng og tok gullmedaljen under europameisterskapen i Barcelona. Under Friidretts-VM 2011 i Daegu leia ho med over 100 poeng etter fem øvingar. Etter å ha mislukkast i spydøvinga, enda ho til sist opp med 6 751 poeng og sølv, russiske Tatjana Tsjernova tok gull. Men i desember 2016 vart Tsjernova sine prestasjonar annullert av IAAF og Ennis flytta opp til fyrsteplass. I slutten av mai 2012 sletta Ennis den tolv år gamle rekorden i sjukamp tilhøyrande Denise Lewis. Med 6 906 poeng gjekk ho til topps ved mangekamp-stemnet i Götzis for tredje året i rad. 4. august 2012 vann Ennis gullmedaljen i sjukamp under London livsbeste 6 955 poeng.
Etter å ha vorte mor, byrja Ennis-Hill å tevle att i 2015. I verdsmeisterskapen i Beijing presterte ho årsbeste 6 669 poeng og slo favoritten Brianne Theisen-Eaton frå Canada med over 100 poeng. Under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro i 2016 vann Ennis-Hill sølvmedaljen med 6 775 poeng. Ho la deretter opp.
mini|venstre|Jessica Ennis i 2010 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2006 i Göteborg: Nr 8 - 6 287 poeng VM 2007 i Osaka: Nr 4 - 6 469 poeng VM 2009 i Berlin: Gullmedalje - 6 731 poeng, framom Jennifer Oeser (6 493 p) EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje - 6 823 poeng, framom Natalja Dobrynska (6 778 p) VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje - 6 751 poeng, bakom Tatjana Tsjernova (6 880 p) OL 2012 i London: Gullmedalje - 6 956 poeng, framom Lilli Schwarzkopf (6 649 p) VM 2015 i Beijing: Gullmedalje - 6 669 poeng, framom Brianne Theisen-Eaton (6 554 p) OL 2016 i Rio: Sølvmedalje - 6 775 poeng, bakom Nafissatou Thiam (6 810 p)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jessica Ennis» frå , den 15. august 2015.
World Athletics
Kategori:Britiske mangekjemparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Folk frå Sheffield