Eagles er debutalbumet til rockebandet Eagles, gjeve ut i 1972. Albumet vart spelt inn i Olympic Studios i London med produsenten Glyn Johns. Albumet vart ein umiddelbar suksess for det unge bandet og nådde 22. plassen på den amerikanske albumlista, og selde til platinaplate. Albumet inneheldt tre singlar som nådde topp 40 på singellista i USA med «Take it Easy», «Witchy Woman» og «Peaceful Easy Feeling». Dei tre singlane nådde høvesvis 12., 9. og 22. plassen. Albumet spelte ei stor rolle i å popularisere countryrockstilen frå Sør-California. I 2003 vart albumet rangert på 374. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Singelen «Take It Easy» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songar som forma Rock and Roll». Albumet var meint for ei utgjeving i kvadrofonisk lyd, og fekk til og med eit kvadrofonisk kataolognummer, men kom aldri ut på dette formatet. I dokumentarfilmen History of the Eagles avslørte Glenn Frey at bandet var alle på peyote då bileta til omslgaet vart tekne i Joshua Tree nasjonalpark.The Eagles' Greatest Hit Grantland, 14. august 2013.History of the Eagles kring 45 minuttar ut.

Utgjeving

Robert Christgau meinte at bandet skreiv gode songar, men var usikker på kor autentisk countryrøtene deira var og meinte at det dei produserte var «elegant og syntetisk--glimrande, men falskt.» Bud Scoppa i Rolling Stone meinte at dei hadde «respektert» countryrock-bakgrunn, og at etter Jackson Browne sitt debutalbum, var dette den beste debutplata i 1972.

Ettermæle William Ruhlmann i Allmusic oppsumerer albumet i si melding om albumet som balansert når det kjem til låtskrivinga, men at dei tre hitsinglane vart sungen av Frey og Henley, som sidan skulle dominere bandet. Rolling Stone hadde albumet på 364. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003 og skreiv at albumet «skapte ein ny mal for tilbakelent L.A. countryrock». Albumet var med i boka til Robert Dimery, 1001 Album You Must Hear Before You Die.

Innhald

Medverkande Glenn Frey – gitarar, slidegitar, vokal Don Henley – trommer, vokal Bernie Leadon – gitarar, banjo, vokal Randy Meisner – bassgitar, vokal http://www.discogs.com/Eagles-Eagles/release/1615902

Produksjon Gary Burden – design Henry Diltz – fotografi Glyn Johns – produsent, lydteknikar

Singlar «Take It Easy/Get You in the Mood» - Asylum 11005; utgjeve 1. mai 1972 «Witchy Woman/Early Bird» - Asylum 11008; utgjeve 1. august 1972 «Peaceful Easy Feeling/Tryin'» - Asylum 11013; utgjeve 1. desember 1972

Lister Album År Liste Plassering 1972 Billboard Pop Album 22

Singlar År Singel Liste Plassering 1972 «Take It Easy» Billboard Pop Singles 12 1972 «Witchy Woman» Billboard Pop Singles 9 1973 «Peaceful Easy Feeling» Billboard Pop Singles 22

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eagles (album)» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Eagles-album Kategori:Debutalbum frå 1972 Kategori:Elektra Records-album Kategori:Asylum Records-album Kategori:Album produserte av Glyn Johns 368 207