MF «Odda» er ei bilferje levert frå Ankerløkken Verft i Florø i juni 1968 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
M/F «Odda» vart bygd som systerskip til M/F «Sveio» og M/F «Skånevik». Ferja gjekk det meste av HSD-karrieren i ruta Skjersholmane-Ranavik-Sunde.
Ferja vart selt i november 2000 til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane AS i Florø og omdøypt «Fjærlandsfjord». I mars 2005 skifta reiarlaget namn til Fjord 1 Fylkesbaatane i Florø, seinare Fjord1. Vinterhalvåra 2001-2007 gjekk ho i ruta Kaupanger-Frønningen og sommarhalvåret i same perioden gjekk ho i Fjærlandsfjorden (Vangsnes)-Balestrand-Hella-Fjærland. mini|venstre|MF «Fjærlandsfjord» i Flåm Ferja skifta maskin i 2004 til ein 2 x Scania-Diesel med 336 kW.
I 2015 vart ferja kjøpt av lokale aktørar i Luster, og fekk namnet MF «Lustrafjord». Ho har sidan då vore drifta av Lustrabaatane.
Ein periode gjekk ho i turistrute i Nærøyfjorden i ruta Flåm-Gudvangen, utan biltransport. I 2021 fekk ho tilbake det tidlegare namnet MF «Odda», og har sidan då stort sett gått i bilførande sommarrute mellom Gudvangen og Kaupanger. I 2026 utfører ho ruta i lag med MF «Aurland».
Kjelder
Skipet.no «Odda» på Fjordfähren (tysk) www.lustrabaatane.no Sjøfartsdirektoratet - skipssøk
Bakgrunnsstoff «Fjærlandsfjord» på marinetraffic.com
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Fjord1-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1968 Kategori:Skip bygde ved Ankerløkken Verft Kategori:1968 i Noreg