Olaf Wilhelm Isaachsen () var ein norsk målar frå Mandal. Han vart kjend for sine røyndomsnære, livaktige folkelivsbilete og sine landskapsstudiar i klare fargetonar.

Liv og gjerning mini|venstre|Ung pike i Setesdalsbunad, 1878 mini|Olav den helliges lik pleies, 1880

Isaachsen var son til ein sorenskrivar og soneson til kjøpmannen Isaach Isaachsen. Han bestemte seg for å verte målar då han gjekk på Nissens Latin- og Realskole i Kristiania, oppmuntra av kusina Hedvig Erichsen Lund, som sjølv var målar. Frå han var 15 år gammal gjekk han i lære på Teikneskulen i hovudstaden, elev av Joachim Frich og Johannes Flintoe.

I 1854 reiste Isaachsen til Düsseldorf for å studere ved kunstakademiet i byen. Han fekk den utflytta mandalitten Adolph Tidemand til lærar, og vart mykje påverka av han. I 1859 reiste Isaachsen vidare til Paris for å studere under Thomas Couture og sidan eitt år hos realisten Gustave Courbet. Her vart han verande til 1862, stilen hans endra seg mykje under opphaldet i Frankrike.

Etter tida i Paris laga Isaachsen måleri som vart rekna til stilretninga realisme. Han heldt til i Setesdal 1864-66, her måla han i 1866 Setesdalsstue, Kveste i Valle. På 1870-talet var han på ny utanlands og tok inntrykk frå den franske impresjonismen. Arbeida vart meir fargerike og fantasifulle.

Isaachsen er representert med over 20 måleri i Nasjonalmuséet i Oslo. Mellom hans mest kjende verk er Setesdalsloft frå 1878, Syrinbusk i Morgensol og Tore Hund ved Olav den helliges lik, begge dei siste frå 1881.

Kjelder Store norske leksikon.

Kategori:Folk frå Mandal Kategori:Norske målarar Kategori:Realistiske kunstmålarar Kategori:Impresjonistiske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet