Saltvasskrokodille (Crocodylus porosus) er ein krokodilleart som lever i sump- og brakkvassområde i Asia og Oseania. Krokodillen er det største nolevande krypdyret og den største landlevande rovdyret i verda. På det største kan hannkrokodillar bli oppimot 6,7 meter lange og vega så mykje som 2 tonn.
Skildring Hannar blir typisk 4,3-5,2 meter lange og veg mellom 400 kg og 1 tonn. Svært store hannar kan nå 6,7 meter og opptil 2 tonn.; Guinness Book of World Records. Henta 8. april 2013. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
Utbreiing Saltvasskrokodillar lever i innlandsvatn, sumpar, marskland og brakkvatn i kystområde og estuar. Dei kviler og legg egg på land.
Ein finn krokodillen i Australia, Brunei, Papua Ny-Guinea, Indonesia, Filippinane, Malaysia, Vietnam, Kambodsja, Myanmar, Bangladesh og India, og på dei mindre øyane Sri Lanka, Solomonøyane, Palau og Vanuatu.
Krokodillane blei rekna som ein truga art på 1980-talet og flytta til den noko tryggare kategorien «sårbar» på 1990-talet, og så «livskraftig» i 1996. I dei fleste land er han regulert under CITES-konvensjonen appendix I, som forbyr handel med verdas mest truga artar. I Australia, Indonesia og Papua Ny-Guinea er dei omfatta av dei litt mindre strenge appendix II-reglane som regulerer handel.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Saltwater crocodile» frå , den 18. juli 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Krokodilleordenen Kategori:Dyr i Australia Kategori:Dyr i Bangladesh Kategori:Dyr i Brunei Kategori:Dyr i Kambodsja Kategori:Dyr i India Kategori:Dyr i Indonesia Kategori:Dyr i Malaysia Kategori:Dyr i Myanmar Kategori:Dyr på Palau Kategori:Dyr på Papua Ny-Guinea Kategori:Dyr på Filipinane Kategori:Dyr på Sri Lanka Kategori:Dyr på Salomonøyane Kategori:Dyr på Vanuatu Kategori:Dyr i Vietnam